Det kan bli ei løysing på problema i Raufoss ASA allereie neste veke, ved at det nederlandske selskapet Euralcom likevel vil kjøpe konsernet.
- Tek miljøansvar
Ifølgje prosjektdirektør Geir Haugesveen i Raufoss ASA, var ein av Euralcom sine hovudinnvendingar mot å kjøpe Raufoss eit mogleg framtidig krav om å rydde opp etter gamle miljøsynder.
Haugesveen seier det er større sjanse for at Euralcom overtar Raufoss ASA nå som Stortinget har vedtatt at staten skal ta miljøansvaret.
- Må få rask avgjerd
Administrerande direktør i Raufoss ASA, Leif Christian Salomonsen, meiner det må bli tatt ei rask avgjerd om framtida til konsernet. Det er umoglog å halde fram som i dag, der konsernet tærer på ein allereie dårleg eigenkapital, seier Salomonsen.
Salomonsen meiner også at dei 550 tilsette nå treng å få ein ordentleg beskjed om kva som vil skje i næraste framtid.
Spent ordførar
Ordførar i Vestre Toten, Stein Knutsen, er svært spent på framtida til Raufoss-konsernet. Han håpar leiinga i Raufoss ASA legg sterke føringar slik at arbeidsplassane og kunnskapen på Raufoss blir halde i hevd, dersom konsernet blir selt.
Knutsen seier at han forøvrig veit lite om den moglege kjøparen, det nederlandske Euralcom med sine 3.900 tilsette.
Styret i Raufoss ASA diskuterer saka torsdag.
Styreleiar Karl Glad i Raufoss ASA håpar på sal.
- Vanskeleg situasjon
Også dei tilsette i Raufoss ASA håpar på ei rask avklaring av kva som skal skje med konsernet.
- Det er slitsamt å ha ein arbeidsplass som er truga av konkurs, seier hovudtillitsvald Arild Hagen.
Han håpar eit sal av konsernet kan bli endeleg bestemt på styremøtet torsdag.
Økonomien i Raufoss ASA har vore kritisk sidan nyttår. Styreleiar Karl Glad håpar framleis at det nederlandske konsernet Euralkom er viljuge til å kjøpe Raufoss ASA.