Hopp til innhold

Rasoffer: – Kjenner meg ikkje utrygg

KVAM (NRK): Det er framleis fare for ras i bustadområdet på Kvam i Gudbrandsdalen der det gjekk ras laurdag ettermiddag. Likevel får bebuarane flytte heim.

Steinen som dundra rett forbi huset

Eivind Bones syner oss steinen som dundra forbi, 40 meter frå husveggen hans, med kurs rett mot nabohuset.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Måndag flytter Eivind Bones inn att i huset sitt etter at han laurdag sto på verandaen og så på ei stor steinblokk som dundra forbi. Alle i bustadområdet vart evakuerte etter at raset gjekk, men området vart raskt klarert av NVEs geologar og folk fekk laurdag kveld beskjed om at dei kunne flytte attende.

LES: Slik opplevde han raset

Evakuert også tidlegare

Området der raset gjekk har vore hardt råka av naturkatastrofar også tidlegare. Ordførar Rune Støstad i Nord-Fron seier dei skvett når det kjem beskjed om ras på Kvam, der folk har vore råka før. – Tankane går til dei som bur i området og som opplev dette på kroppen, seier Støstad. Denne gongen gjekk det bra, og dei evakuerte har funne eigne løysingar til dei kunne flytte heim att.

LES: Mista huset to gongar

LES: Kritisk i Kvam

LES: Slik påverkar katastrofane ofra

Vurderer rasfaren i boligområdet på Kvam

Det har vore tett samarbeid mellom kommunen, politiet og NVE for å finne løysingar for dei evakuerte.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Attende til normalen

Det var på eit informasjonsmøte laurdag kveld at oppsitjarane fekk beskjed om at dei kunne flytte heim. Det sette dei pris på, seier operasjonsleiar Hallgrim Ous i Innlandet politidistrikt avdeling Gudbrandsdal.

Dei som bur i området er vande med å leve i rasfare. Det er steinsprang på staden med ujamne mellomrom, og slik har det alltid vore, fortel Ous.

Dermed vil heller ikkje politiet følge opp noko meir nå som sperrebanda er fjerna og folk kan flytte heim.

Kjenner seg trygg

Eivind Bones er ein av dei 14 innbyggjarane som er råka av raset. Han reiste på hytta då han ikkje fekk bu heime etter at raset gjekk.

Han er ikkje redd for å flytte inn att i huset sjølv om geologane frå NVE framleis reknar området som rasfarleg. – Eg trur det går bra, seier Bones til NRK. Han bur på ein gamal husmannsplass og trur dei plukka ut tomta på førehand for å unngå ras. Sjølv har han budd på staden i over 40 år utan å bli råka.

steinras, kvam

Foto: NVE Slik ser rasstaden ut etter raset som gjekk laurdag.

Flere saker fra Innlandet