Fredag 22. august er det styremøte i Sykehuset Innlandet og dei skal diskutere den vanskelege økonomien og det vidare arbeidet med organiseringa av fødetilbodet i Hedmark og Oppland.
Ill.foto.
Store underskot
Mellom anna går sjukehusa i Innlandet mot eit underskot på over 50 millionar kroner. Difor ligg det an til store kutt frå sjukehusleiinga. Allereie før forslaga kjem på bordet, er Høgres gruppeleiar Bjørn Overn kritisk til styret.
- Eg er særs uroa over det som no skjer. For meg virker det som om det her sit eit knippe personar som allereie har bestemt seg for kva dei vil gjere. Og det utan omsyn til tryggleik, busetting og fagmiljøet ved sjukehuset, seier Overn.
Strid om føden
Ei eiga prosjektgruppe skal i midten av september kome med eit forslag til korleis fødeavdelingene i Oppland og Hedmark skal organiserast. Overn seier ei nedleggjing av føden på Gjøvik vil få store konsekvensar.
- Det er ikkje berre ei fødeavdeling det her er snakk om. For at eit sjukehus skal ha ein god akuttfunksjon, betyr det mykje at fødeavdelinga er der. Samstundes kan Gjøvik på denne måten bli utarma, noko som vil gjere at folk ikkje vil søkje seg til Gjøvik, seier Overn.
Han legg til at mellom anna blir tryggleiken for folk flest truga.
Usemje i Høgre
Overn meiner og at politikarane må gripe inn, viss styret kjem med omfattande endringer av organiseringa.
Høgre var eit av dei partia som ville at staten skulle ta over sjukehusa. Det vil heller ikke Overn endre, men han meiner ei rasjonalisering av fødeavdelingene ikkje er i samsvar med kva Stortinget meinte.
Likevel er det usemje om dette i Høgre. Leif Gjessing, 1. kandidat for Hedmark Høgre, seier han ikkje trur det er rett at politikarane skal blande seg inn i drifta berre fordi dei er usamde med vedtaka.
God sjukehusdekning
Høgre-leiar i Hedmark, Kari Gløersen, er og uroa for ei sentralisering av fødeavdelingene i Innlandet. Men samstundes meiner ho folk i Mjøsområdet kjem betre ut enn mange andre.
Ho peikar på at det er sjukehus på Gjøvik, Lillehammer, Hamar og Elverum. I tillegg er det sjukehus på Stensby i Akershus og Ringerike sjukehus ligg på Hønefoss.
- Slik sett vil det ikkje vere galt at vi får ei stor, sentralisert fødeavdeling der vi kan ta hand om dei kompliserte fødslane. Men eg vil prioritere at vi får skikkelege fødestover, der det ikkje lenger blir fullverdige fødeavdelinger, seier Gløersen.
Støtte frå Sp
Overn får og støtte frå Oppland Senterparti. Fylkesleiar Eli Blakstad seier fødsel ikkje er nokon sjukdom.
- Senterpartiet meiner ein på sjå på kostnader på transport, jordmortenesta i kommunane, risikoen for den fødende og bornet og svekka tryggleik, seier Blakstad.