Politiet avhøyrde i helga ein mann dei mistenkte for ranet, men han er no sjekka ut av saka.
Fekk med seg 2000 kroner
Politiet har fått få tips, og vil gjerne ha fleire tips.
Mannen er om lag 175 cm høg, og skal vera kledd i grøn jakke, lys grå eller lys lilla bukse, brune sko og med svart sekk på ryggen. Ranet skjedde ved halv eitt-tida fredag.
Mannen fekk med seg rundt 2000 kroner samt noe sigarettar.
- Vi anser dette som eit grovt ran, ein mann maskert med finlandshette og han trua med pistol. Politiet veit ikkje om det var ein reell pistol eller ein etterlikning, seier politiadvokat Joakim Staff.