Hopp til innhold

Rådyre rullgardiner til toget

650.000 er prisen NSB må betale for dei nye rullgardinene til togene på Gjøvikbanen.

Det er pendlerane, NSBs mest trufaste kundar, som syner si makt når dei no klager på at toga ikkje har gode nok fasiliteter.

Etter at NSB Anbud overtok drifta av strekninga Gjøvik-Oslo 11. juni, har pendlerane klaga på fleire forhald dei meiner er kritikkverdige i togsetta.

På alvor

Direktør i NSB Anbud Margareth Nordby, seier dei no tek klagane på alvor, og vil difor framskynde planane om rullegardiner i alle tog frå august.

- Dette koster oss 650.000, så det er ingen billig investering, men vi tykkjer dette er viktig. I tillegg vil vi utvide stilleavdelingane. Her vil vi også gjere noko med lyset og dørene slik at det bli renda roligere og meir avslappande der, seier Nordby.

Glad for brukergrupper

Nordby understreker at NSB er glad for at ein fleier stader i Vest-Oppland organiserer brukergrupper for pendlerene. Desse skal stå på krava for dei som bruker toget mykje.

- På den måten kan ein få til ein konstruktiv og god dialog. Slik kan alle komme med innspel, seier Nordby.

Flere saker fra Innlandet