Hopp til innhold

Strengare rundt hundeimport

Vetrinærinærinstituttet og Mattilsynet advarte sist veke mot å importere gatehundar frå aust-europa, og då spesielt frå Romania. No advarar dei òg mot import av hundar frå Spania.

Grethe Hølmo med hundar

Hundane til Grethe Hølmo er friske og raske.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Del Mar i Våga

Del Mar kom til Noreg frå Spania i 2011.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Grethe Hølmo tar gledeleg sine to små blandingshundar ut på tur. Dei ser friske og raske ut der dei spring i skogane i Vågå, men for å komme seg hit har dei måtte reise langt.

I 2011 vart Del Mar importert til Noreg frå Spania, og det same vart Roxy i 2013.

– Då eg hadde bestemt meg for hund så såg eg plutseleg at den var frå Spania, og den var då skrive ut på Finn.no, så det var berre ein tilfeldigheit at eg tok han og at han var spansk. Eg skulle berre kjøpe ein hund eg, fortel Hølmo.

Rabies - òg i Spania

Mange hundeeigarar i Oppland har importert hundar frå Spania, noko som mange har sett på som trygt, men no har import frå Spania òg fått innstrammingar.

– Spania har vore rabiesfritt over tid no, men 6. juni så blei det bekrefta rabies på ein hund i Spania, seier Harald Øverbye som er seniorrådgivar og dyrlege i mattilsynet i Hedmark og Oppland.


– Det medfører for Noreg sin del at me ikkje lenger kan tillate innføring av kvalpar og kattungar som er under tre månadar, og som ikkje er vaksinerte, etter søknad, legg Øverbye til.

Hunden det var oppdaga rabies på i Spania, var illegalt innført til Spania og har vore der frå 13. april 2013. I juni vart det oppdaga, og det fører til at ein

– Det vil seie at dei som tar med seg hunder på ferie til Spania no, må vera veldig obs på at den er vaksinert, og at dei held hunden vekke frå villpopulasjonar i Spania, seier Øverbye.

Innstrammingar først for aust-europa

Vetrinærinstituttet fekk i 2012 oppdrag frå mattilsynet å undersøke 70-80 gatehundar frå Romania.

Dei fann ut at kvar femte hund ikkje var beskytta mot rabies, sjølv om hunden skal ha fått vaksine i heimlandet.

I tillegg vart det funne parasittar i avføringa til hundane, parasittar som er sjeldne i Noreg.

– Me ynskjer ikkje at hunder fra land i i sør og aust-europa tar med seg parasittar som kan etablere seg i den norske hundepopulasjonen, seier Arve Lund som er er forskar og vetrinær på Vetrinærinstituttet i Oslo.

I 2012 vart reglane for hundeimport endra slik at det vart lettare og mindre kostbart å ta inn hundar frå dei godkjente landa.

Dette førte til ein auke i antall hundar som vart innførte, og særleg då frå Romania. Difor var det det rumenske hundar det vart forska på.

– I desse hundane fann me òg hjerteorm, som ikkje finst i Noreg, og over halvparten av hundane hadde ikkje tilfredsstillande mengde antistoff mot rabies, og kvar femte hund var negativ mot antistoffa, fortel Lund.

– Det gjer at me stiller spørsmålsteikn ved om desse hundane i det heile tatt var vaksinert, sjølv om det stod i passet at dei var det, legg Lund til.

Pass og vaksine i orden

Hundepass

Hølmo har pass og vaksine for sine hundar i orden.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Hølmo har ikkje hatt problemar med sine to spanske hundar, og ho har både pass og vaksine i orden.

– Her er passa til hundane mine, europass er det. Her ser du da kva dei heiter, så er det nummeret på chipen som dei har i nakken, og så er det registrert kva dei er vaksinert mot, for eksempel rabies, fortel ho.

Klistremerke og underskrift frå vetrinæren vitnar om at alt er i orden, og det at hennar hundar er spanske er eigentleg nokså tilfeldig.

Med Del Mar som ho importerte i 2011 vart alt ordna for ho, og hunden henta ho på Gardermoen. Hunden Roxy henta ho sjølv på Gran Canaria.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle få to hundar, så var det ei vennine av meg der nede på Gran Canaria som anbefalte oss å ta ein hund til fordi Del Mar så redd for å vera einsleg og ikkje tålte å vera vekke frå oss, fortel Hølmo.

– Så då løyste me det med at me tok til oss den vesle kvalpen då, og no går det skikkelig fint, smiler hundeeigaren som med den hunden ordna med vaksiner og papir sjølv.

Skummelt med rabies

Grethe Hølmo

Grethe Hølmo tykkjer det er skummelt med rabies.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

På spørsmål om kva Hølmo tenkjer om at det er oppdaga Rabies i Spania så er ho klar i svaret sitt.

– Det er skummelt det, og det er frykteleg viktig å følgje Mattilsynet sine reglar, for det er no dei som har lovane for innførsel av hund, og det å berre ta med seg ein hund og tru det at ein skal smugle vil eg absolutt ikkje anbefale, seier Hølmo.

– Det å ta med seg seg hundar som kjem med nye parasittar som infiserar norsk natur burde det eigentleg vore stor bot for, seier Hølmo som understrekar at ho aldri ville tatt med seg ein sjuk hund.

Liten oversikt over hundeimport

Verken Mattilsynet eller Tollvesenet har registreringar på kor mange hundar som vert importert til landet kvart år, men i 2012 beslagla Tollvesenet 33 hundar som vart ulovlig importert til Noreg.

I 2011 låg dette talet på 16 hundar og åra før på 20 hundar i 2010 og 25 hundar i 2009.

Likevel er det mange hundar som vert omregisterte hjå Norsk Kennel Klubb. Dei fleste hundane kjem frå skandinaviske land og frå Storbritania.

I perioden 2008 til 2011 vart det omregistrert mellom 30 og 35 spanske hundar hjå dei.

Flere saker fra Innlandet