Dyrevernalliansen har meldt Prior i Elverum til politiet etter ein rapport frå EFTA sitt overvakingsorgan, ESA.
Også tre andre slakteri er meldt til politiet for forhold ved bedriftene.
Prior i Elverum har problem med for lang ventetid, seier Bernt Snapa, som er ansvarleg for transport og slakteplanlegging ved slakteriet.
For lang ventetid
ESA kritiserer slakteria for at det går for lang tid frå dyra kjem til slakteriet til dei blir slakta.
- Prior i Elverum har problem med for lang ventetid, seier Bernt Snapa, som er ansvarleg for transport og slakteplanlegging ved slakteriet.
- Grove brot
Fleire norske slakteri vart kontrollert av EFTA sitt overvakingsorgan i november i fjor.
Live Kleveland Karlsrud i Dyrevernalliansen, seier det er grove brot som slakteria er skuldige i, og at det er årsaka til at Prior i Elverum er meldt til politiet.
Rapporten slår blant anna fast at kassene som høner og kyllingar vart transportert i var tilgrisa av møkk.
Prior Elverum slaktar årleg nær 12 millionar kyllingar og høner. Det vil seie 8.000 kyllingar i timen.
Liv Kleveland Karlsrud i Dyrevernalliansen har meldt Prior i Elverum til politiet.
Mattilsynet varslar betring
Ved eit tilfelle måtte høner som kom frå Østfold vente fire timar på dyremottaket før dei vart slakta.
- Vanlegvis skal det gå berre éin time, fortel regiondirektør Eivind Liven i Mattilsynet.
Mattilsynet har ansvaret for å kontrollere at slakteria følger gjeldande lovar og reglar.
Liven seier Prior Elverum nå arbeider for å gjera forholda ved slakteria betre, men han kan ikkje seie når endringane vil finne stad.