NRK Meny
Normal

Populær båttrafikk

Godveret har lokka feriefolket til fjells. Det inneber også stor trafikk for båtane på Gjende, Bygdin og Femunden.

Hvor er dette uke 27/07

Stor båttrafikk på Gjende

Foto: Jorun Vang / NRK

Motorbåten "Bitihorn" på Bygdin i Jotunheimen har enkelte dagar måtte setja att passasjerar på brygga og sagt nei til gruppetingingar.

- Vi har hatt kjempefint ver i fellesferien, og mange vil vera med båten.

Det seier Kristoffer Kvame i Jotunheim og Valdresruta bilselskap, JVB, som driv Bitihorn.

- Men kapasiteten vår er på 98 personar, og da får vi ikkje med alle, sier han.

På avgangen kl 10.10 til Torfinnsbu og Eidsbugarden blir det derfor førstemann til mølla som gjeld.

I Lars Monsens fotspor

Også i Femundsmarka er det stor interesse for å bruke båten. Den 103 år gamle Fæmund 2 har kvar dag med seg mange rundreisepassasjerar og eventyrlystne som vil følgje i fotspora til Lars Monsen.

- Det har vore bra i heile sommar og med topp med godveret nå i fellesferien, seier skippar Odd Kjøsnes.

Det er særskilt mange rundturpassasjerar.

- Vi ligg på mellom 30 og 60 personar kvar dag som er med tur-retur, seier Kjøsnes.

Ekstraturar på Gjende

På Gjende har dei køyrt ekstraturar så lenge det har stått folk på brygga. det fortel Harald Rune Øvstedal i Gjendebåtane.

- Men det er ikkje berre å koma når som helst. Siste avgang frå Gjendesheim går kl 0945, og da må folk vera på plass, seier han.

Trafikken over Besseggen har vore stor.

- Det har vore ein draumesommar for både turistar og mannskap på båten, seier Øvstedal.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Publikumsrekord på hockeyfest

    Folk strømmer til for å se lokaloppgjøret mellom Lillehammer og Storhamar i eliteserien i ishockey i kveld. Håkons Hall er for anledningen islagt og 10.000 publikummere skal på kampen når Lillehammer Ishockeyklubb feirer 60 år.

    Folk strømmer til Hockey Classic
    Foto: Karianne Stordal / NRK
  • Sølv til Eide på sprinten

    Mari Eide tok sølv i NM i sprint på Beitostølen lørdag. Rekruttlandslagsløperen fra Øystre Slidre, som går på hjemmebane denne helgen, hadde kun regjerende olympisk mester Maiken Caspersen Falla foran seg på resultatlista på den klassiske sprinten.

  • NM-gull til Kokslien

    Mikko Kokslien fra Søre Ål vant NM-gull i kombinert på Beitostølen lørdag ettermiddag. Kokslien gikk inn til seier etter et spurtoppgjør mot Jørgen Graabak.