Hopp til innhold

Polititilsette må gå med valdsalarm

Mange politifolk opplever at kvardagen blir tøffare, og at dei blir utsett for vald, truslar og sjikane.

Politi

Vald og truslar fører til at stadig fleire politifolk vurderer å slutte.

Ein av dei som har opplevd å bli truga og slått er Morten Lafton, som er tillitsvalt for politiet i Gran og Lunner. For ei veke sidan rykte han ut for å hindre ein person i ta sitt eige liv.

- Avstandane her førte til at eg var den einaste som hadde kome til staden. Da ambulansa kom vakna personen opp og slo meg og truga med kniv, fortel Lafton.

Han innrømmer at slike episoder skaper tvil om han vil fortsetje som politi.

- I forhold til kva eg må utsetje meg for, og i forhold til den løna eg får så er det klart at ein innimellom vurderer å finne på noko anna.

I løpet av dei siste tre vekene har det vore tre episoder berre på Hadeland, der politifolk har vorte skada eller truga med våpen

Les også: - Farligere å være politi

Arne Johannessen

Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund ser at stadig fleir politifolk søkjer seg bort frå etaten.

Foto: Sara Johannessen / Scanpix

- Ein av tre vil slutte

- Løn er den viktigaste årsaka til at folk søkjer seg bort. Men nesten to av tre seier også at dei ikkje orkar meir av vald, truslar og sjikane mot seg sjølv og familien, seier han.

Dette fører til eit stadig aukande arbeidspress på dei som blir att.

- Det er ei ekstrem utvikling, og det er stadig fleire som vil slutte, seier Johannessen.

Trivst godt utanfor politiet

To av dei som har sagt opp sine stillingar i politiet er Mette Thorslund i Hedmark politidistrikt og Svein Rune Enger i Vestoppland. Dei har jobba 16 og 17 år i politiet, men kom til eit punkt der dei sa stopp.

Thorslund har nå funne seg ein sivil jobb, og trivst godt med det.

- Ein føler i større grad at ein får utretta noko og ein blir verdsett på ein heilt annan måte. Eg trur kanskje ikkje at eg kjem til å vende attende til politiet, seier ho.

Enger fortel at han fyrst søkte om permisjon frå politiet, men fekk ikkje innvilga det. 1.august sa han opp.

- Etter at eg sa opp har eg ikkje høyrt noko, og har ikkje fått noko spørsmål om kvifor eg slutta, seier Svein Rune Enger.

Arne Johannessen i Politiets Fellesforbund meiner løna til politifolka må opp, dersom ikkje flukta skal fortsetje.

- Det er klart at pengar ikkje løyser problemet aleine. Men det er ingen samsvar mellom den tøffe kvardagen dei opplever og løna dei har.

Meir om dette temaet kan du sjå på Østnyttmagasinet på NRK1 i kveld klokka 18.40.

Flere saker fra Innlandet