Hopp til innhold

Mann i 30-årene stakk politimann med saks

Ein politimann er stukken med saks ved Stortorget i Hamar sentrum. Politimannen er send til sjukehus, og gjerningsmannen er arrestert.

Politimann knivstukket i Hamar sentrum
Foto: Vegard M. Aas

Ein mann i 30-åra tok kontakt med ei lokal politipatrulje som sat i politibilen ved Stortorget i Hamar sentrum.

– Han gjekk nesten direkte til åtak på ein av tenestemennene, fortel politistasjonssjef ved Hamar politistasjon, Bjørn Lier.

Politistasjonssjef ved Hamar politistasjon, Bjørn Lier

PÅ SJUKEHUSET: Tenestemannen vart skadd i den eine handa, og er no på sjukehuset, fortel politistasjonssjef ved Hamar politistasjon, Bjørn Lier.

Foto: ANNE NÆSHEIM / NRK

Politimannen skal ikkje vere alvorleg skadd.

– Gjerningsmannen vart raskt pågripen og arrestert. Han sit no i arrest på politihuset i Hamar, seier Lier.

Kjenning av politiet

Gjerningsmannen skal ha lokal tilknyting, og politiet kjenner til han frå før. Hamar Arbeidarblad skriv at mannen tidlegare i haust skal ha vore innblanda i ei trusselepisode, der han vart nær ved å bli skoten av politiet.

– Eg har snakka med tenestemannen som vart angripen, og slik eg oppfattar det, vart det ikkje sagt noko før han gjekk laus på tenestemannen, seier Lier.

Politiet veit framleis ikkje noko om kvifor den arresterte tok kontakt med politipatruljen.

Politimann knivstukket i Hamar sentrum

STUKKEN MED SAKS: Hendinga skjedde i Torggata ved Stortoget i Hamar sentrum.

Foto: Vegard M. Aas

På sjukehus

Politimannen er no køyrd til Hamar sjukehus, der han vert behandla av sjukehuspersonell.

– Han var ved godt mot då eg prata med han. Det ser ut til at det ikkje er ein alvorleg skade, og det ser ut til å gå bra, seier Lier.

Utover ettermiddagen vil dei avhøyre den arresterte 30-åringen.

– No må vi etterforske saka vidare. Det er ein god del vitne i gågata som skal avhøyrast. Vi vil vurdere om mannen skal i varetektsfengsel i morgon.

Politimann knivstukket

ARRESTERT: Gjerningsmannen vart raskt pågripen og arrestert. Han sit no i arrest på politihuset i Hamar.

Foto: Vegard M. Aas

Uvanleg hending

– Politimannen som var med på patruljen, og andre kollegaer, er og prega av dette. Men vi har rutinar for å handtera slike situasjonar, og dei ser ut til å fungera, seier Lier.

Politistasjonssjefen fortel vidare at det ikkje er uvanleg at politiet må bruka makt og maktmiddel i arbeidet.

– Men at politiet vert angripe ute på patrulje er absolutt ikkje vanleg, seier han.

En politimann skal ha blitt stukken med kniv i Hamar sentrum.

Flere saker fra Innlandet