Hopp til innhold

Politiet ønsker tips etter dødsfall

Kvinna i 30-åra som vart funne skadd utanfor bustaden sin i Gjøvik søndag morgon, døydde av skadane ho fekk.

Kvinne funnet alvorlig skadd

DØYDDE: Her vart ei kvinne funne alvorleg skadd, og døydde seinare av skadane. Kva som har skjedd er enda usikkert.

Foto: Jorun Vang / NRK

Kvinna vart funne skadd utanfor bustaden sin på Gjøvik søndag. Ho hadde skader i hovudet og i ryggen og døydde på Ullevål universitetssjukehus måndag formiddag. Det opplyser politiet i ei pressemelding.

– Vi veit enda ikkje kva vi står ovanfor og held alle moglegheiter opne, seier politiinspektør Johan Petter Bærland.

Usikkert kva som har skjedd

Dødsårsaka er framleis usikker og politiet veit ikkje enda om det kan ha skjedd noko kriminelt. Kvinna er sendt til obduksjon og politiet håpar obduksjonsrapporten kan gi nokon fleire svar. Den skal truleg vere klar i morgon.

Etterforskinga held fram med vitneavhøyr og undersøkingar av staden og politiet ønsker hjelp frå publikum. Dei ber om at dei som bur i nærleiken, eller har sett eller høyrt noko i tidsrommet frå laurdag klokka 19 til søndag klokka 09, ringer inn.