Hopp til innhold

Politibetjent slår alarm på ulykkesvegen over Strynefjellet

Onsdag kolliderte to personbilar på riksveg 15 over Strynefjellet. Tilstanden til ein person er framleis kritisk og ustabil. No slår politibetjent alarm over for få ressursar i politiet.

Frontkollisjon på riksveg 15

FRONTKOLLISJON: To bilar kolliderte på den ulykkesutsette riksveg 15 i Skjåk onsdag ettermiddag.

Foto: Politiet

– Tilstanden til kvinna i 50-åra er kritisk og ustabil, seier kommunikasjonsrådgivar Kirsten McDonagh ved St. Olavs hospital.

Det var onsdag ettermiddag at meldinga om at to bilar hadde kollidert på den populære turistvegen riksveg 15 over Strynefjellet kom.

I den eine bilen sat tre personar med indisk statsborgarskap, mens det sat fem personar i den andre bilen. Tre av dei har britisk statsborgarskap og to av dei har norsk statsborgarskap.

Ei kvinne i slutten av 50-åra vart flogen til St. Olavs hospital i Trondheim. Ho er framleis vurdert som kritisk skadd og ligg på intensivavdelinga.

Ulykke Strynefjellet
Foto: Stein Are Bergheim

Når det gjeld kvinna i 20-åra som vart flogen til sjukehuset i Ålesund med kritiske skader, er ho no stabil og har moderate skader.

Dei seks andre involverte vart sende til sjukehus i Førde, Lillehammer og Ålesund. Der var ikkje skadegraden alvorleg onsdag kveld.

Har ikkje ressursar til kontroll

Roger Haugen er politibetjent i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt. Han var også innsatsleiar på ulykka på riksveg 15 onsdag.

Roger Haugen

BEKYMRA: Politibetjent Roger Haugen i Nord-Gudbrandsdal lensmannsdistrikt er bekymra over få ressursar i politiet etter politireforma.

Foto: NRK

– Dette er ein ulykkesbelasta veg der vi har sett mange dødsulykker tidlegare. Eg hugsar minst tre ulykker på omtrent same stad som onsdag.

– Turistar følger kanskje meir med på den fine naturen, enn på vegen slik dei skal, seier han.

Seinast for to år sidan døydde ein lastebilsjåfør i ei ulykke på same strekning.

Haugen sit også som verneombod i lensmannsdistriktet. Han er tydeleg på at dei ikkje har ressursane som skal til for å utføre nok kontrollar på den ulykkesutsette strekninga over fjellet.

Ulykke Billingen Skjåk

DØDSULYKKE: Sjåføren av denne lastebilen døydde i ulykka omtrent på same stad som onsdagens ulykke.

Foto: Terje Randen / Fjuken

– Bemanningssituasjonen etter politireforma har gjort at det er mykje færre folk og ofte er det stor avstand mellom dei som har vakt, seier Haugen.

– Da får vi ikkje utført kontrollar så ofte som det kanskje er ynskjeleg på denne særs ulykkesutsette strekninga over Strynefjellet.

Ulykke Skjåk
Foto: Stein Are Bergheim

Feil køyrefelt

Foreløpig etterforsking av kollisjonen onsdag, tyder på at ulykka skjedde da den eine bilen kom over i feil køyrefelt.

Til saman fire ambulansehelikopter og fem ambulansar rykka ut til hendinga frå begge sider av Strynefjellet.

Politibetjent Haugen fortel at dei store skadane i onsdagens ulykka tyder på det også har vore høg fart involvert.

Politiet har beslaglagt førarkortet til føraren av den eine bilen.

Ulykke på Strynefjellet

SNAPCHAT: Slik såg det ut på ulykkesstaden onsdag. Sjåførar i kø la ut video på Snapchat.

Flere saker fra Innlandet