Hopp til innhold

Politiaksjon: Vil hindre sal i «narkomånaden»

16 personar, blant dei 14 ungdommar, blei tatt i ein stor narkotikaaksjon i Hamar i går. Aksjonen var planlagt med hensikt å hindre at narkotika blir seld til ungdommar i mai.

Cannabis i rosa ikea-pose

ROSA POSE: Desse rosa lynlås-posane frå IKEA har vore brukt i handel av cannabis.

Foto: Politiet

Det var HA som først skreiv om aksjonen som gjekk føre seg torsdag. Politiet på Hamar arresterte to personar i aksjonen sikta for brot på narkotikalovgivinga.

Dei arresterte var to austeuropeiske menn som kan knytast til narkohandel som politiet kjente til.

Vil stoppe narkosal til ungdom

Målet for aksjonen var ikkje å gjere store beslag, men å stoppe ungdommane sin kanal til narkotiske stoff når det nærmar seg mai. Då ser politiet at narkotikabruk brukar å ta seg opp.

Cannabis-beslag

CANNABISBESLAG: Politiet beslagla både cannabis, marihuana, xanax og rivotril under narkoaksjonen.

Foto: Politiet

– Hensikta var å komme ut i miljøa og vise at vi er til stades. Vise at vi har kunnskap om miljøa og det er ein oppdagingsrisiko ved å bruke narkotika, seier Bjørn Fredrik Monné som er leiar for narkotikaseksjonen i politiet på Hamar.

Politiet får jamleg uromeldingar om narkosal knytt til ungdommar, og har sjølv sett dette ute i miljøa.

Monné fortel at narkotikabruk blant ungdom er nokså utbreidd på Hedemarken og politiet kjenner til fleire ungdommar frå ulike miljø både i Løten, Stange og Ringsaker.

Har jobba målretta mot fleire adresser

Dei har over tid jobba målretta mot nokre adresser på Hamar og Ringsaker og slo til torsdag.

Spaningsbilete av ungdom som handlar cannabis i rosa lynlåsposar frå IKEA sette politiet på sporet av ein bande.

I leilegheita til to austeuropeiske menn fann dei ein heil rull med slike posar saman med vekt og anna utstyr som kan tyde på at det er blitt pakka og seld narkotika på den adressa.

Narkobeslag Hedmarken, Bjørn Fredrik Monné

BESLAG: Bjørn Fredrik Monné leidde ein stor narkoaksjon på Hamar og Ringsaker, der det blei gjort beslag av fire ulike narkotiske stoff.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Dei to mennene har vore kjent for politiet lenge og Monné meiner dei står for mykje av distribusjonen av narkotika til ungdommane. Dei sit no i varetekt.

Politiet gjorde også beslag frå ni ulike personar av cannabis, marihuana, xanax og rivotril. No vil dei gå gjennom alle beslaga som er gjort og sjå om ein skal opprette saker på fleire av personane.

– Lett å få tak i

Hamar-russen seier dei veit at det er fleire ungdommar som brukar narkotiske stoff blant anna på fest i enkelte gjengar.

– I mitt miljø vil eg ikkje seie at det er mykje av det, men eg veit at det er meir vanleg i nokon miljø, seier Leah Taouss Sveen.

Hedmark-russ om narkotika

IKKJE GREITT: Håvard Børresen, Leah Taouss Sveen, Runa van Hoven, Sondre Brendlien, Agnes Øyan og Ida Lillebo er russ på Hamar. Dei synest ikkje det er greitt å bruke narkotika på fest.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Denne gjengen seier dei er sterkt imot narkotiske stoff. Men dei har inntrykk av at det er ganske lett å få tak i.

– Eg er sterkt imot. Men hadde eg hatt lyst til å kjøpe hasj hadde eg sikkert visst om nokon som visste om nokon eg kunne spurt, seier Runa van Hoven.

Flere saker fra Innlandet