Hopp til innhold

– Fekk sms om at han var på Hamar sjukehus

Philip Boit frå Kenya hadde med sjølvaste Bjørn Dæhlie som hjelperyttar på Birkebeinerrennet. Det ende på sjukehus.

Philip Boit og Bjørn Dæhlie

Philip Boit og Bjørn Dæhlie var optimistiske før start. Birkebeinerrennet ende med tur på sjukehus for Boit.

Foto: NRK

– Eg skal pushe Philip Boit skikkeleg. Han skal få ein av sine tyngste dagar, lovde Bjørn Dæhlie før starten på årets birkebeinerrenn.

Han debuterte i rennet som hjelperyttar for kenyanske Philip Boit, og lovde å passe godt på sin gode ven og treningskompis.

Forstua armen

Men mykje kan tyde på at Dæhlie ikkje heilt klarte å følgje opp så godt som han burde, for da han kom til Sjusjøen var Boit nemleg søkk borte.

– Han ramla, slo seg og måtte bryte. Eg fekk ein sms om at han var på Hamar sjukehus, truleg med ein forstua arm, sa Dæhlie etter målgang.

Også NRK sine tv-bilete frå rennet viste at Boit sleit veldig, og berre klarte å bruke den eine armen undervegs.

– Eg stod lenge og venta på han på Sjusjøen, men da eg fekk melding om at han var på sjukehus så gjekk eg i mål. Men vi satsar på at det går bra, så får vi plukke han opp att på veg heim, seier Dæhlie.

Han var likevel særs tilfreds med turen, sjølv om tida ikkje vart all verda.

– Det var veldig fint. Det er ei flott løype som eg aldri har gått i før. Eg kunne tenke meg å gå meir, men da må eg nok trene litt meir med Erling Jevne i Hafjell fyrst.