Hopp til innhold

Pernille vil ta med familien til Eiffeltårnet

RYFOSS (NRK): Kreftsjuke Pernille Gudbrandsen på seks år har fått Gledesprisen. Ho har bestemt seg for kva ho vil bruke pengane på.

Pernille Gudbrandsen fekk gledespris

LYSPUNKT: Familien vart overraska og veldig glade då prisen plutseleg dukka opp på døra.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Det betyr mykje for oss at det skjer noko positivt midt oppe i ein slik situasjon. Så kan vi reise på ferie eller gjere noko triveleg saman, seier mor Anne Gudbrandsen.

Kvardagen til familien Gudbrandsen endra seg brått då dei fann ut at Pernille har svulst i hjernen. Å få Gledesprisen er eit lite lyspunkt for heile familien.

Vil opp i Eiffeltårnet

Prinsesse Ragnhild og mannen Erling Lorentzen donerte for nokre år sidan 1 million kroner til Gledesprisen. Prisen blir delt ut kvart år til ein unge med kreft, i samarbeid med vekebladet Se og Hør. Prisen er på 50 000 kroner og skal vere ei oppmuntring og ein moglegheit for ein familie å få realisert ein draum. Pernille er den femte som tek imot prisen.

– For eit år sidan sa Pernille at ho ville opp i Eiffeltårnet for vi såg det på TV. Så planen er å reise til Paris til våren, seier Anne Gudbrandsen.

Det var mange som valte å sende inn søknader på vegner av seksåringen. Familien trur det er noko av grunnen til at akkurat dei vart valt ut til å få prisen.

Pernille og Noah Gudbrandsen

KONSENTRERT: I djup konsentrasjon for å slå storebror Noah i spel.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Kvardagen vart snudd på hovudet

Sjukdommen pregar heile livet til familien. Seksåringen har vore på strålebehandling og cellegiftkur. I tillegg har jenta epilepsi som gjer at ho får fleire anfall kvar dag.

– Det er krevjande. På det meste har ho hatt opp mot 60 anfall om dagen, seier Ove Gudbrandsen.

Foreldra er begge heime med henne for å ha oppsyn med ho heile tida. Ho brukar hjelm for å beskytte hovudet når anfalla kjem.

– Vi tek ein dag om gongen, seier Anne Gudbrandsen.

Flere saker fra Innlandet