- Auka produksjonskapasitet, svekka kjøpekraft på bilmarknaden og feilvurderingar av bedrifta er årsaka til at vi må permittere tilsette, forklarar fungerande dagleg leiar Omar Lund i Hydro Aluminium Structures på Raufoss.
Lund ser ikkje noko oppsving for bedrifta før tidlegast om vel to år.
- Det er mogleg vi vart tatt litt på senga, men i 2002 haadde vi ein vanskeleg valutasituasjon som passa dårleg for oss, seier Lund.
Han innrømmer at bedrifta dessutan hadde for høge prisar.