NRK Meny
Normal

Pellestova slit med sal

Pellestova fjellstue i Øyer har problem med å få selt dei nye leiligheitene i millionklassen.

Pellestova slit med sal av leilegheiter
Foto: Ingar Tangen Odland

Det er bygd i alt 90 leiligheter i tillegg til 40 nye hotellrom. Men så langt er berre få leilegheiter selt, trass i at dei ligg fint til på høgfjellet.

Finanskrisa må ta mykje av skulda, meiner dei som står bak prosjektet.

Luksus

Leilighet på Pellestova

Slik ser det ut i dei nye leilighetane på Pellestova. Gasspeisen kan ein styre med eigen fjernkontroll.

Foto: Veslemøy Christiansen / NRK

Det er ikkje luksusen det står på når Pellestova blir rehabilitert og pussa opp. I halvtanna har det vore arbeidd her for at hotell og leilegheiter skal stå ferdig innan fristen for opninga i månadsskiftet oktober/november.

Dei siste ti åra har det vore mye fram og tilbake på Pellestova. Men så kjøpte entrepenør Terje Sauthon heile anlegget for 30 millionar kroner. Etter det har han saman med resten av T. Sauthon Bygg AS løfta det meste til høg kvalitet. Men trass i fin natur og høg standard, har ikkje salet skote fart. Så langt er berre 4 av dei 90 leilegheitene på Pellestova selde.

Video nsps_upload_2009_9_2_17_18_38_543.jpg

Finanskrisa

Anita Jordbruen og Ingar Tangen Odland

Vertskapet på Pellestova, Anita Jordbruen og Ingar Tangen Odland. Ivrige før åpning.

Foto: Veslemøy Christiansen / NRK

Årsaka er at leilegheitene vart ferdigstilte samtidig som finanskrisa kom. Det seier vertskap Ingar Tangen Odland.

- Derfor må vi nå leige ut, både på åremål og korttidsleige, og få inn inntekter frå det, seier han.

Fleire i byggebransjen i Oppland seier det er galskap å byggje stort og flott i håp om å få selt midt i finanskrisa. I Trysil prøvde Estatia resort å byggje eit Spahotell. Men også dei vart råka av finanskrisa, og resorten er nå ein spøkelsesby som står og forfell.

50 av 90 leilegheter på Pellestova er allereie ferdige og klare til inflytting, to månader før offisiel opning, men kjøparane lar altså vente på seg.

Badstu

I badstua kan du varme lankane dine når vinteren kjem.

Foto: Veslemøy Christiansen / NRK

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Gangnes vil tilbake

    Skadeforfulgte Kenneth Gangnes trosser de medisinske rådene, og har bestemt seg for å gjøre et siste comeback i hoppbakken. Det melder NTB. Det er fjerde gang hopperen fra Kolbukameratene kjemper seg tilbake fra korsbåndsskade. Operasjonen i november var vellykket, og totningen ser for seg å være tilbake på ski til høsten.

    Nyoperert Kenneth Gangnes hjemme på Lillehammer
    Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK
  • Kjørte inn i bom ved tunnel

    Flere biler kjørte inn i en bom som gikk ned ved Teigkamptunnelen i Nord- Fron i kveld. Bommen gikk ned etter at en trailer fikk problemer inne i tunnelen. I følge politiet har traileren kommet opp i taket. Vegen er fortsatt stengt og trafikken omdirigeres.

  • Hyttebrann i Trysil

    Politi og brannvesen har rykket ut til en ulmebrann i ei hytte i Ljørdalen i Trysil. En nabo skal ha hørt brannvarsleren og sett sot og røyk på innsiden. I følge politiet er det ikke folk tilstede i hytta.