Hopp til innhold

Peer Gynt blir dataspel

150 år etter at Ibsen skreiv teaterstykket Peer Gynt, skal det no bli dataspel. Og spelutviklarane meinar at Peer er som skapt for spelverda.

Peer Gynt som dataspel

DATAPEER: Her kan du sjå det første glimtet av den første dummy-versjonen av det nye Peer Gynt-spelet. VIDEO: SAREPTA STUDIO/ENCIRCLE GAMES

– Peer passar faktisk ganske bra som den helten ein ikkje skulle tru kunne vere ein helt, seier speldesigner Catharina Due Bøhler i Sarepta Studio på Hamar. Ho har hovudansvaret for å overføre den dramatiske historia om Peer Gynt til speluniverset.

Catharina Due Bøhler, Sarepta Studio

SPELDESIGNEREN: Catharina Due Bøhler har hovudansvaret for dataspelversjonen av Peer Gynt. Speldesigneren er også dagleg leiar av Sarepta Studio på Hamar.

Foto: arne sørenes / nrk

Han har mykje humor i seg, samstundes som det ligg mykje tragedie der. Og lenger ut i stykket blir det veldig dramatisk og surrealistisk, og ein byrjar å tvile på kva som er verkeleg. Det er noko som kan bli veldig spanande i eit spel.

– Unge har lite kjennskap til Peer Gynt

Det er Peer Gynt A/S som står bak. Selskapet frå Nord-Fron har gjennom mange år hatt stor suksess med å oppføre Henrik Ibsen sitt mest kjende verk på teaterscena ved Gålåvatnet. Dei opplever at mange i publikum får seg ei aha-oppleving når dei ser Peer Gynt for fyrste gong:

– Mange synest nok at Peer Gynt var frykteleg keisamt då dei las stykket på skulen, seier May Britt Støve som er utviklingsansvarleg i Peer Gynt A/S.

– Og så kjem dei til Gålåvatnet og opplever at Peer faktisk angår dei og deira eigne liv.

May Britt Støve, Peer Gynt a/s

PEER GYNT TIL NYE GENERASJONAR: May Britt Støve er utviklingsansvarleg i Peer Gynt A/S som no satsar fleire millionar på å nå dei unge.

Foto: arne sørenes / nrk

Difor brukar selskapet frå Vinstra no mellom seks og åtte millionar kroner for å utvikle ei undervisningspakke til bruk i skulen. Dataspelet bilr det viktigaste verkemiddelet for å dra nye generasjonar inn i den 150 år gamle historia, og tanken er at det kan brukast i fleire fag, ikkje berre norsk.

– Stykket er fullt av dilemmaer der ein må tenkje seg om, til dømes når Peer står framfor Bøygen som bed han gå utenom. Då er spørsmålet kva ein gjer, som lesar, eller som spelar i dataspelet. Nettopp denne djupna ynskjer vi å få fram i spelet, og stille spelarane ovanfor ei rekkje store spørsmål.

Ut i verda

Akkurat som Peer, drøymer også spelutviklarane om komme ut i verda.

– Det er jo ein ambisjon om å lage spelet så bra at vi får det oversatt til mange ulike språk og distribuert på mange plattformar, avsluttar Catharina Due Bøhler.

Målet er å ha første versjon klar mot slutten av 2017.

Peer Gynt blir dataspel

VIL UT I VERDA: Spelutviklarane håpar å nå mange med det nye Peer Gynt spelet. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK

Flere saker fra Innlandet