NRK Meny
Normal

Partileiarane i kø til Oppland

Tre partileiarar kjem til Oppland i samband med årsmøtene i dei politiske partia.

Erna Solberg
Foto: Lise Åserud / Scanpix

Til helga kjem Erna Solberg til årsmøtet i Oppland Høgre på Fagernes.

Partileiar i Venstre, Lars Sponheim, kjem til årsmøtet i Oppland Venstre i Søndre Land.

Finansminister og partileiar i SV, Kristin Halvorsen, kjem til årsmøtet i Oppland SV på Lillehammer.

Slukkar sorga

Sjølv om Oppland Høgre fekk inn stortingsrepresentant Olemic Thommessen frå Lillehammer ved valet, fekk dei ikkje halde fram i regjeringa. Difor må partileiar Erna Solberg svare på kva ho og partiet skal gjere for at partiet snarast råd skal kome attende i regjeringsposisjon.

Det er og klart at Audun Blegen frå Vestre Toten ikkje tek attval som leiar av fylkespartiet. Dei siste fire åra har han leia Høgre-mannskapet i Oppland.

Anne Grethe Fremgaard Kvitberg frå Jevnaker er av valkomiteen innstilt som ny leiar.

Innlandsgiv

Partileiar i Venstre, Lars Sponheim, kjem til Søndre Land. Også Sponheim måtte ut av regjeringsposisjonen, men til gjengjeld gjorde Venstre eit godt val og kom inn med ti representantar.

Sponheim har vore sentral i arbeidet med Innlandet 2010, der målet har vore å skape ny giv innan industri, landbruk og andre saksområder i Innlandet.

Hovudtema for årsmøtet i Venstre blir ei ny regioninndeling og korleis en skal fordele oppgåver mellom kommune og stat.

 

Kristin Halvorsen
Foto: NRK

Turbulent for SV

Finansminister Kristin Halvorsen kjem til Oppland SV, eit fylkesparti som mista sitt stortingsmandat ved valet hausten 2005. I staden vart Kjetil Bjørklund rådgjevar i Miljøverndepartementet.

Men den siste tida har vore turbulent for SV med mykje støy både i og utafor partiet. Og utover våren kjem det truleg fleire vanskelege saker for regjeringspartiet, mellom anna oljeboring i nord.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang