I nesten ei veke har eit av verdas mest sette bilprogram gjort opptak i Lillehammer.
BBCs program Top Gear har teke turen til byen for å filme sesongens OL-spesial og i dag vart ein snøscooter sendt utfor den minste hoppbakken.
Sjå bileta frå dei luftige spranga her
Top Gear er langt på veg det same som vårt eige Autofil, og i samband med OL i Torino produserer dei nå si eige vinterolympiade med bil i Olympiaparken i Lillehammer. Alt under leiing av deira markante programleiar Jeremy Clarkson.
Erik Ulateig, adm direktør i Olympia Parken, er svært nøgd med den alternative bruken av hoppbakken.
Spesialprogram
Top Gear har ca. 1 milliard sjåarar i over 120 land. Ideen med programmet frå Lillehammer er å lage ein times lang spesial som vil bli sendt rett i forkant av OL i Torino.
I løpet av ei uke har britane gjennomført øvingane skiskyting, langrenn, hopp og ishockey; alt dette med bil!
Mini Morris på veg ut frå kanten. (FOTO: GD)