Hopp til innhold

På Besseggen med to cola-flasker som niste

Ei kvinne måtte hentast ned frå Besseggen med luftambulanse i natt. – Altfor mange legg i veg på turen utan å vere i god nok form og med for dårleg utstyr, meiner Røde Kors.

Redningsaksjon på Besseggen

UTE I NATT: Friviljuge frå Røde Kors måtte i natt rykke ut for å redde ei kvinne som ikkje kom seg over Besseggen.

Foto: Ulf Ryen / Røde Kors

Det var to kvinner som la ut på tur frå Memurubu onsdag formiddag. Etter kvart skilte dei lag, og den eine av kvinnene var i så dårleg form at ho ikkje klarte å fullføre turen.

Klokka 22.30 fekk politiet melding frå turvenninna, og sju stykke frå Røde Kors vart sendt ut.

– Da dei fann ho var ho svært sliten og medteke. Ho hadde med seg to 1,5-litere med cola, gjekk i joggesko og var i veldig dårleg form. Den fyrste timen klarte dei å gå 500 meter, så dei fann ut at dei måtte rekvirere luftambulansen som henta ho ut, seier operasjonsleiar for politiet i Gudbrandsdalen, Arvid Røste.

– Mange er dårleg førebudd

Operativ leiar i Vågå Røde Kors Ulf Ryen var med på redningsaksjonen i natt. Dette er langt frå fyrste gongen dei må rykke ut for å berge dårleg utstyrte fjellturistar.

– Det er eit aukande problem. Vi må ut nattetid både i godt og dårleg vêr fordi folk overvurderer eigen form og undervurderer Besseggen.

Da redningsaksjonen starta var det to grader og stri vind ved Bessvatnet.

– Det er mange som legg i veg i joggesko og shorts utan å ha med seg noko anna. Andre går i relativt høge hælar, det er lite eigna skotøy. Mange har lite klede og ofte mangelfull niste.

I natt måtte luftambulansen redde ei kvinne som ikkje kom seg opp på BEsseggen.

MANGE OPPDRAG: Her lettar luftambulansen med ei kvinne som ikkje kom seg over Besseggen. Røde Kors og Gjendebåten har også fleire oppdrag i året der dei reddar folk i same situasjon. (Foto: Erik Sanden).

– Må ha betre informasjon

Rundt 50.000 turistar går Besseggen kvart år. Ryen fryktar at unødvendige redningsaksjonar kan gå ut over motivasjonen til dei friviljuge.

– Det blir frustrasjon blant oss som brukar fritida vår på dette. Når vi er ute på ein slik aksjon blir det ingen søvn. Vi er friviljuge og gjer dette utan betaling, og må uansett på jobb dagen etterpå.

Han meiner betre informasjon er løysinga, og at ein får stoppa dei som ikkje er klare for ein slik tur.

– Prøver å rettleie

Drivar Marius Haugaløkken på DNT-hytta Gjendesheim seier dei gjer det dei kan for å informere folk om korleis det er å gå over Besseggen.

– Det er også ein del som er usikre og spør oss om råd. Men somme har bestemt seg for å gå, og da er det vanskeleg å få stoppa dei.

Han peikar på at dei fleste som går over Besseggen er trent og utstyrt for turen, men det er ei utfordring å få stoppa dei som burde vurdert andre turar.

Den fyrste veka i fjor hadde vi luftambulansen her tre gonger på seks dagar, eg håpar vi slepp liknande i år, seier Marius Haugaløkken på Gjendesheim.

Besseggen

Å gå over Besseggen er ein tur med 800 meter stigning og mange opp- og nedturar. Det er mange som ikkje er klar over kor tøff turen er, meiner Røde Kors.

Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

Flere saker fra Innlandet