Onsdag vart det kjent at fire foreldrepar i Østre Toten har meldt ein tidlegare lærar ved ein barneskule til politiet for seksuelle overgrep mot fire mindreårige gutar.
Forelda
Overgrepa skal ha skjedd frå 1993, og vart meldt til politiet fyrste gong i 1995.
Statsadvokat Ole Bjarne Hagen seier at saka er juridisk forelda.
Privat søksmål
- Foreldra i overgrepssaka går nå til privat søksmål.
Det seier faren til ein av gutane som har meldt ein tidlegare barneskulelærar til politiet for seksuelle overgrep.
Etter at NRK Hedmark og Oppland fortalde historia denne veka, hevdar ytterlegare ein familie frå Østre Toten at sonen deira har vore utsett for overgrep.