Hopp til innhold

Organiserer privat leiteaksjon

SJUSJØEN (NRK): Sist fredag avslutta politiet søket på den sakna Stig Ingar Evje. I dag tidleg møttest eit tjuetals friviljuge for å søke vidare.

Savnet person på Sjusjøen

Venner og friviljuge møtte i dag opp på Messenli Leirsted for å søke vidare etter den sakna Stig Ingar Evje.

Foto: privat

Etter intense dagar med søk på bakken og i lufta, avslutta politi og redningsmannskap sine søk fredag. Men i dag har venner av familie organisert ein privat leiteaksjon i området.

Lensmannen i Ringsaker forstår det private initiativet.

Terje Krogstad

LENSMANN i Ringsaker Terje Krogstad har forståing for at venner og bekjente ynskjer å gjera alt dei kan for å finne att den sakna.

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

– Eg tenkjer at det er fullt forståeleg at venner og kjente ynskjer å gjera alt dei kan for å finne att den sakna, seier lensmann i Ringsaker, Terje Krogstad.

Gruppa som i dag møtte opp på Mesnali Leirsted, består av venner og friviljuge frå nær og fjern som ynskjer å hjelpe familien med å finne den sakna 45-åringen.

– Vi er her for å finne Stig. Vi kan ikkje sitja seinare i livet å tenkje på at vi ikkje gjorde noko, seier Runar Henanger som er ein av personane bak leiteaksjonen.

Ingen sikre haldepunkt

Evje vart sist sett då han forlét familiehytta på Sjusjøen til fots, tidleg om morgonen 3. mai. Utan sikre observasjonar, valde politiet å avslutte søket fredag ettermiddag.

– Tipsa sprikjer veldig, både i geografisk retning og type klesdrakt, seier Krogstad.

Då Evje forlét hytta var han truleg kledd i ei mørkegrå jakke, svart bukse og fjellsko.

Sjølv om leitinga nå er avslutta, seier lensmannen at leitinga kan bli tatt opp att.

– Får vi konkrete spor å gå etter, så er det fullt mogleg å ta opp att leitinga, seier Krogstad.

Stig Ingar Evje

Politiet har ingen spor å gå etter i søket etter den sakna Stig Ingar Evje.

Foto: Privat

Tett dialog med politiet

Terje Krogstad seier at gruppa med friviljuge har hatt ein god dialog med politiet, og at det verkar som dei har tatt skikkelege forholdsreglar. Men Krogstad understrekar at dette er oppdrag for folk som har vore ute ei vinternatt før.

– Ein veit ikkje kva ein kan koma borti, seier ringsakerlensmannen.

Om dei friviljuge leitemannskapa skulle oppdage at det har vore innbrot i hytte eller bod, så skal dei ikkje inn på annan manns eigedom, seier Krogstad.

– Da må politiet varslast, slik at vi kan sjekke kva dette er for noko.

Vil søke i hytter

Opplegget er enkelt og konkret, seier Henanger. Han seier at denne aksjonen ikkje skal gjenta det som er gjort tidlegare.

– Vi søkjer berre etter spor rundt hytter og bygningar i området, seier Runar Henanger.

Dei friviljuge vart i dag delt inn i grupper på tre som kvar får tildelt eitt avgrensa område.

Målet er å sjekke så mange hytter i Sjusjøen-området som mogleg. Både hytter med folk og dei som står tomme. Søket vil gå føre seg frå kl. 09–19 kvar dag,

– Vi vil gjerne ha med mange i leitinga, og særleg folk med erfaring frå liknande søk, seier Runar Henanger.

Flere saker fra Innlandet