I Slettås i Trysil kommune fryktar bebuarane følgjene av nærgåande ulv. Dei meiner at ulven har vorte så tam og uredd at det går utover folk som bur i nærleiken.
Førre veke var dei i Oslo for å møte stortingsrepresentantar for å prøve å påverke arbeidet med ei ny rovdyrmelding.
– Må ta ut meir ulv
Nå kastar dei lokale Arbeiderparti-ordførarane seg inn i kampen for å bli kvitt fleire ulvar i området.
– Nå er bestandsmålet nådd, og derfor meiner vi det er grunnlag for å ta ut meir ulv enn dei tre dyra som rovviltnemnda har foreslått.
Det seier ordførar Ole Martin Norderhaug i Trysil. Han har saman med Reidar Åsgård (Engerdal), Nils A. Røhne (Stange), Eva Tørhaug (Folldal), Arne Grue (Os) og varaordførar Harald Romstad (Løten) skreve brev til Miljøverndepartementet.
– Det at det er fleire som står saman viser at det er ubalanse mellom det folk meiner og det som forvaltninga legg opp til, seier Norderhaug.
- Vil radiomerke 12 ulver
- Mattilsynet: Ulven skal vekk!
- Frykter lavere terskel for illegal felling av ulv
– Fullstendig uforsvarleg
Naturvernforbundet er, ikkje uventa, heilt ueinige med Ap-ordførarane i Hedmark.
– Det vil vere fullstendig uforsvarleg forvaltning å skulle skyte oss under bestandsmålet når vi har brukt sju år på å nå det, seier fagleiar Arnodd Håpnes.
Han trur ikkje at ordførarane vil nå fram med kravet sitt om at det skal skytast meir ulv.
– Eg kan aldri tenke meg at styresmaktene godtek at vi øydelegg det bestandsmålet vi har jobba for å nå i sju år.
- Men ville du tørt å ha ungane dine ute på Slettås?
– Det blir eit hypotetisk spørsmål ettersom eg ikkje bur der, seier Arnodd Håpnes i Naturvernforbundet.