NRK Meny
Normal

Ordførar i Nice: – Vi var nære på

Då lastebilen dundra inn i folkemengda i Nice i går kveld, var ordførar Terje Odden i sidegata.

Terje Odden i Nice

Ordførar i Søndre Land, Terje Odden, er på ferie i Nice. Og i går var dei tett på dei dramatiske hendingane.

Foto: ERIC GAILLARD/Privat / Reuters

Ordførar i Søndre Land, Terje Odden, er på ferie i Nice. Og i går var dei tett på dei dramatiske hendingane.

– Vi var der for å sjå på fyrverkeriet, eit kjempeflott fyrverkeri, seier Odden.

– Skjønte ikkje kva som skjedde

STrandpromenaden i Nice med blålys. Hotel Negresco i bakgrunnen.

Strandpromenaden i Nice.

Foto: JEAN-PIERRE AMET / Reuters

Og akkurat da det var avslutta, gjekk dei ut i ei sidegate og skulle heim att på hotellet, og da skjedde denne tragiske hendinga i sidegata for der vi gjekk, så vi var nære på.

– Korleis reagerte folk rundt deg?

– Nei, det var ingen som eigentleg skjønte kva som skjedde akkurat da, det var berre heilt kaotisk, så vi visste ikkje heilt kva som hadde skjedd før vi var på hotellet att.

Det var fyrst da han fekk på TV-en på hotellet, om lag kvart på elleve, at han skjønte kor alvorleg det var.

Framleis roleg

NRK snakka med ordføraren rundt kl. 09:00 i dag, og da var det framleis roleg i gatene.

– Det er kaotisk her i dag, heile område er avstengt rundt hotellet vårt, og no freistar vi å få tak i ein taxi, seier Terje Odden.

Siv Storm Thoresen

Siv Storm Thoresen frå Elverum, busett i Oslo, var også i Nice i natt.

Foto: Siv Storm Thoresen

Stranda i Nice

Ho hadde akkurat gått attende til leiligheita da terrorhandlinga skjedde.

Foto: Siv Storm Thoresen
– Korleis er stemninga rundt deg no?

– Det er tidleg enda, og forholdsvis roleg. Det er jo mykje politi her, og vi ser jo den lastebilen stå i gata her borte, og det er sperre av om lag hundre meter frå han.

Sirener

Siv Storm Thoresen frå Elverum, busett i Oslo, var også i Nice i natt. Ho hadde akkurat gått attende til leiligheita da terrorhandlinga skjedde. Ho bur rett ved eit sjukehus og høyrde plutseleg sirener, og så kom etter kvart ambulansene tett i tett.

– Vi hadde i utgangspunktet tenkt å gå til Gamlebyen for å sjå på fyrkverkiet, og da hadde vi vore omtrent midt i, men heldigvis gjorde vi ikkje det. Det er skremmende og dramatisk med sirener inn og ut frå sjukehuset.

Ho seier at dei har vore ute ein tur i føremiddag, og det ser ut som ting er i ferd med å gå tilbake til det normale allereie.

– Eg kjenner meg berre ekstremt heldig, det er utruleg nære, men likevel er vi ikkje råka.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang