- Det er ein gedigen tabbe, ein skandale! Eg har vore mållaus lenge. Det skal ikkje kunne skje, seier ein oppbrakt tillitsvald for dei tilsette ved Raufossbedrifta, Ole Runar Hellbostad.
Dei tre oppsagte personane ved Steertec AS i Raufoss ville gå til rettssak mot bedrifta, på grunn av det dei meiner er usakleg oppseiing.
Men nå har dei mista sjansen, fordi fagforeininga Fellesforbundet sende sakspapira rett i arkivet.
Konskvensen er at dei nå må gå frå jobben.
Spørsmål om ansiennitet
- Dei får ikkje prøvd sakene sine juridisk i samband med å halde på arbeidsplassen. Det viktigaste for dei er å ha arbeidsinntekt, og den sjansen er nå borte, seier Hellbostad.
Og slik gjekk det heile til:
Tre tilsette ved Steertec AS i Raufoss vart oppsagt på grunn av nedbemanning. Dei hadde opptil 8 års ansiennitet kvar og meinte at bedrifta burde følgje ansiennitetsprinsippet.
Dei tilsette kjørde saka vidare til Fellesforbundet. Der meinte dei saka var god for retten. Dei tre fekk beskjed om at saka var mottatt.
I arbeidsmiljølova heiter det at ein må levere søksmål innan 8 veker, og varsle arbeidsgjevar for å krevja å stå i stilling. Det vil seie å få jobbe i bedrifta til saka er prøvd for retten.
Rutinesvikt
Men i Fellesforbundet gjekk sakspapira rett i arkivet. Der vart dei verande til saka var 8 veker og ein dag gamal.
Svein Hille, nestleiar i Forhandlingsavdelinga i Fellesforbundet, kan ikkje gjera anna enn å krype til korset.
- Det er rutinesvikt at ei sak som kjem inn til behandling går rett til arkivering. Vi beklagar det som har skjedd på det sterkaste. Dette er det einaste dømet eg veit om på dei 17 åra eg har jobba her, fortel Hille.
Nå kan det hende dei oppsagte går til søksmål mot sitt eige forbund.