1.kandidat i Oppland Kjetil Bjørklund holder appell på Falkehjørnet i gjøvik. Foto: Jorun Vang
Kjetil Bjørklund er i dag åleine på Stortinget for Oppland SV. Med miljø og kollektivtrafikk på dagsorden opna dei i dag valkampen på Gjøvik.
Også Arbeidarpartiet og FRP opnar valkampane sine i dag.
Arbeidarparti har arrangement på seks ulike stadar i fylket.
Visjonen og slagordet til Arbeidarpartiet er eit vitalt, vakkert og varmt Oppland. Av dei viktigaste sakene er satsinga på ein god kommuneøkonomi som skal styrke den offentlege omsorga.
FRP har opplegg på Gjøvik og i Lillehammer.
Ei viktig sak for Frp er å halde på dagens sjukehusstruktur i Oppland, som inneber fullverdige sjukehus både i Lillehammer og Gjøvik.