NRK Meny
Normal

Opnar togstasjon etter press

Folket på Dovre såg seg lei på at toget ikkje stoppa. Dimed starta eit langvarig press mot NSB.

Tog på Finse
Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

No er kampen krona med siger. For frå 11. juni stoppar toget to gonger dagleg på ein av landets mest tradisjonsrike stasjonar.

- Det er som om vi kjem attende på kartet, seier Erland Løkken, ordførar i Dovre.

For fem år sidan var det slutt på at toget stoppar på den snart 100 år gamle stasjonen.

- Gledeleg

Men nå, etter å ha lagt ned stasjonar for fote i mange år, vil NSB la eit tog i kvar retning stoppe på Dovre. Ordførar Erland Løkken er overraska og glad over beslutninga.

- Dette betyr sjølvsagt mykje for dei som brukar toget. Togentusiastane i Dovre har arbeida hardt for dette i fleire år. Det er ein symbolpolitikk her, fordi dette er eit signal om at vi får att noko av den infrastrukturen vi har hatt i bygdene våre, seier Løkken.

Ja, så viktig er det med stopp på Dovre at Løkken meiner det gjer noko med bygdas sjølvkjensle.

- Dovre blir med dette sett på kartet att og tatt på alvor, seier Løkken.

Tog
Foto: NRK

Morgon og kveld

Det er toget frå Åndalsnes til Hamar som vil stoppe på Dovre, morgen og kveld. Tove Sylte er salgsleiar for NSB Dovrebanen, og her forklarar ho kvifor NSB nå stoppar toget på Dovre.

- Dette er gledeleg! Bakgrunnen er at vi har fått mange meldinger frå folk om at vi skal stoppe på Dovre. Det gjer vi nå noko med, seier Sylte.

I fjor åpna NSB for att også Kvam stasjon skal bli stoppestad for den samme avgangen som nå skal stoppe på Dovre. Men fleire stasjonar blir neppe opna med det fyrste, meiner Sylte.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

Video fra Hedmark og Oppland

Elena fra Lillehammer er opptatt av de små bedriftene
Nils Thore Jansson fra Finnskogen mener mye om mangt, særlig om politikere og sentralisering.
Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang