Hopp til innhold

Omstilling skaper uro

Endringane i Sjukehuset Innlandet fører til utrygge og mindre motiverte tilsette. Det kjem fram i ny undersøking.

Mona Sagen ( til venstre) og Bente Hoelsæter

Det er bioingeniør Mona Sagen (til venstre) som har gjennomført undersøkinga saman med spesialsjukepleiar Bente Hoelsæter.

Foto: Kurt Johan Sivertsen / NRK

Det har vore fleire nedskjeringar og omstillingar i Sjukehuset Innlandet dei siste åra. Ei spørreundersøking som er gjennomført som ein del av studiet Organisasjon og leiing ved høgskulen på Rena viser at dei tilsette er frustrerte.

- Gjer ikkje god nok jobb

Det er bioingeniør Mona Sagen ved sjukehuset i Elverum som har gjennomført undersøkinga saman med spesialsjukepleiar Bente Hoelsæter. Ho seier at dei stadige endringane fører til at mange er redde for jobbane sine.

- Kva som skjer med jobben, arbeidsoppgåvene og kollegane er spørsmål som dukkar opp hjå mange, seier Sagen.

Undersøkinga vart gjort ved tre forskjellige avdelingar ved sjukehuset i Elverum, og viser at det særleg er hjelpepleiarane som er mest utrygge.

- Dei tilsett føler ei auka arbeidsbelastning og auka tempo i utføringa av sjølve arbeidsoppgåvene, fortel Sagen. Ho seier at ein del rett og slett føler at dei ikkje har gjort ein tilfredsstillande jobb etter endt arbeidsdag.

Auka korttidsfråver

Undersøkinga viser at langtidsfråveret er lågt, men eit ganske høgt korttidsfråver. - Det kan virke som om dei tilsette føler at utrygge arbeidsvilkår fører til eit høgare korttidsfråver.

Men det er ikkje heilsvart for dei tilsette ved Sjukehuset Innlandet. Undersøkinga viser at samhaldet er sterkt, så sterkt at det faktisk er ein viktig grunn til å gå på jobb.

- Sjølv om dei opplever stress og liten tid så svarar det store fleirtalet at dei trivst på jobben. Det er slik at somme går på jobb sjølv om dei egentleg ikkje burde det, for å ikkje gjere situasjonen verre for kollegaene, seier Sagen.

Flere saker fra Innlandet