Hopp til innhold

Ole Ivars får ny sjanse

Gjekk ikkje vidare i Grand Prix, men får ekstrasjanse til å kvalifisere seg for finala.

Ole Ivars
Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Ole Ivars nådde ikkje heilt opp i gårsdagens delfinale i Grand Prix, med sangen "Som i himmelen".  Men hedmarksgruppa får likevel ei ny sjanse til å kvalifisere seg til den norske finala.

"Lucky losers"

Dei som vart nummer tre og fire i delfinalene skal nemleg kjempe om dei to siste finaleplassane i "Sistesjansen" i Oslo spektrum 6. februar. Og dei får spenstig følgje med på vegen til Oslo. Det er nemleg silikonpopbaben Lene Alexandra som slår følgje med dansebandet frå delfinala i Bodø.

Veronica Akselsen
Foto: Hege Bakken Riise / NRK

Veronica Akselsen frå Skarnes er allereie klar for Grand Prix-finala som går av stabelen 9. februar.

Flere saker fra Innlandet