NRK Meny
Normal

OL-problem for Brovold

Ei arrangørtabbe skapar problem for dei norske leirdueskyttarane før OL. Ein av dei er Tore Brovold frå Stange.

Tore Brovold deltar i mesterskap i Zagreb i 2006
Foto: FILIP HORVAT / AP

Brovold reiser til OL-byen Beijing 10. august, og hadde håpa å få skyte seg inn før konkurransen 15. og 16. august.

Men fordi arrangøren ikkje har sett opp ein einaste treningsdag på programmet, får ingen av 32 deltakarar testa våpenet sitt på trening.

- Det betyr at vi ikkje får så mykje tid til å bli kjent med bana, seier Brovold.

Ventar med avreise

I Kina er det ny bane og nye leirduer. Dei norske skyttarane har prøvd å få tak i dei nye duene, men utan å lykkast.

- Det er mange ting som er annleis i Kina enn vi er vant til, seier Brovold.

For å få trena har nå dei norske deltakarane derfor utsett avreise til 10. august. Tore Brovold seier det er betre å bli heime og trene her. Men han håper likevel at det skal bli høve til eit par runder i Kina også, kanskje dagen før konkurransen.

Brovold vil likevel ikkje at treningsproblema skal føre til eit negativt fokus før OL-konkurransane.

- Vi prøver å få gjort det beste ut av det, og er sikre på at vi får trene. Men kor mykje og når er usikkert.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND