Hopp til innhold

Oilers slo tilbake på Hamar

Det var "mætt fjøs" da Storhamar tok i mot Oilers på Hamar OL-amfi i kveld.

Storhamar mot Oilers

Oilers slo kraftig tilbake på Hamar.

Foto: TV2 sportskanalen

Måndag møttest dei to storlaga i fyrste semifinale i Stavanger. Den kampen endte med siger til Storhamar etter scoring av Lars Erik Hesbråten.

Onsdag kveld var det duka for andre semifinalekamp, og eit hamarpublikum i hockey-feber hadde funne vegen til Hamar OL-amfi.

Fullt fjøs og Oilers slo tilbake

Storkamp i Hamar OL-amfi

Fullt fjøs da Storhamar tok i mot Oilers på Hamar.

Foto: Sindre Opshal

Over 5000 møtte opp for å få med seg andre semifinalekamp. Amfiet kan ta 6100 tilskodarar.

Kampen var enda mållaus etter dei fyrste tjue. Oilers mista pucken i farlege posisjonar, og gav Storhamar mange gode sjansar.

Men tidleg i andre periode gjekk Oilers opp i leiinga med scoring av Dan Kissel. Og gode 16 minutt ut i andre periode auka Josh Soares til 0-2 for Oilers.

Til tredje periode vart Oilers møtt av pipekonsert av heimepublikum. Men støtta frå heimepublikum var ikkje til vidare hjelp i starten av siste periode. Ingen av laga greidde å skapa dei heilt store sjansane. Men dei siste minutta vart det på nytt liv i fjøset etter at Rønnhild var nær ved scoring.

Med 27 sekunder att av kampen, reduserte Mikael Zettergren til 1-2 og sette fyr i heimepublikum. Men trass i støtte frå heimepublikum, vart 26 sekund for lite til å gjera noko med Oilers.

Må vinne enda ein kamp i Stavanger

Med berre tre heimekampar att, må Storhamar vinne ein kamp til på bortebane om dei skal nå finalespel.

Etter at båe har vunne sine bortekampar, er duellen framleis ope.

Flere saker fra Innlandet