Det er midt på sommaren, nettene er ljose og i kveld er det attpåtil sankthans! Men dei tradisjonelle sankthansbåla blir det færre av.
Bål på dugnad
I går var det dugnad på Kremmerodden på Biri i Oppland. Medlemmane i Biri sportsfiskeklubb stabla plankar, rekved og gamle pallar på stranda til det som skal bli sankthansbålet.
- Dersom været blir bra plar det å bli ganske triveleg, fortel ein av ildsjelene i klubben, Frode Hansen.
Flytta feiringa
Men sankthansfeiringa er ikkje lenger det det ein gong var. Også folk på Biri vil heller å sitje ved gassgrillen heime på verandaen enn å samlast til feiring på dei tradisjonelle bålplassane.
Og når folk helst vil grille for seg sjølve, så merkast det rundt dei båla som blir tent. På Kremmerodden var det for nokre år sidan samla 150 personar rundt bålet, i år ventar dei 25 eller kanskje 30, sjølv om feiringa er flytta til fyrstkommende laurdag for at folk skal ha betre tid.
Men storleiken på bålet på Biri skal i alle fall ingen kunne klage på, - det bli eit prektig bål som ikkje minst ringsaksokningane på andre sida av Mjøsa får glede av å sjå.