Partane har sidan nyttår vore i jamnleg kontakt, og det siste forhandlingsmøtet vart halde onsdag i førre veke. Det er førebels ikkje teikna nokon kontrakt, men etter det NRK erfarer skal det ikkje vere stor avstand mellom partane.
Tok over i 2000
Paal Lidi seier dei no har fått eit utkast som dei skal seie ja eller nei til. Price Club vart etablert på slutten av 90-talet i Kristiansand. Målet var at butikken skulle vere omtrent det same som Smart Club; ein butikk der ein måtte vere medlem for å handle.
I 1999 gjekk verksemda konkurs, og det var då Paal Lidi tok over. Han har køyrd på stram line heile vegen, noko som no har resultert i ei omsetning på over 100 millionar kroner ved butikken i Kristiansand. Butikken i Drammen, som Per Buxrud eig, har og ein omsetning på rundt 50 millionar kroner.
100 tilsette
Oppskrifta er altså store innkjøp og billege varer til kundane. I desse butikkane, både i Kristiansand og Drammen, finn ein alt mellom himmel og jord. Men sjølv om det er innan lågpris-sjargongen, er det Norgesgruppen Asko som er hovudleverandør til Price Club. Men butikken importerar og møbler og så vidare frå utlandet, og dei har ofte utsal for forsikringsselskap og så bortetter.
Paal Lidi vil ikkje gje noko intervju til NRK før det eventuelt er ei underteikna kontrakt på bordet. Han kan likevel fortelje at plasseringa på Biri og rundt 13.000 kvadratmeter med butikklokaler, gjer Biri Senter til ein spanande stad.
- Vi har ambisjonar om å ha rundt 100 tilsette og ei omsetning på 300 millionar kroner ved ein butikk på Biri. Men fyrst skal vi ta stilling til om vi vil satse, seier Lidi.
Fyrst i Mjøsområdet
Han seier dei har kalkulert nøye på konseptet, fordi det er hard konkurranse mellom dei ulike kjøpesentra i Mjøs-området. Både Obs! på Rudshøgda, CC-Mart`n på Gjøvik og Strandtorget på Lillehammer var blant hovudårsakene til at Spareland, og seinare Biri Senter, måtte stengje.
Biri Senter vart etablert i 1988 og var Mjøsområdets fyrste kjøpesenter. På det aller meste var det rundt 30 butikkar fordelt på de vel 13000 kvadratmeterane.
Sektor Eiendomsutvikling kjøpte Biri Senter 1. januar i 2001. Møller- og Varnergruppen som inntil da hadde eigd bygget, trakk seg ut.
Heilrenovering
I den beinharde konkurransen om kundene, vart Biri Senter den tapande parten. Både CC-Martn på Gjøvik, Obs på Rudshøgda og Strandtorget på Lillehammer var overlegne på handel. Dei siste månadene har Biri Senter nærast vore ein spøkelsesbutikk. Men no kan det altså bli ein ny giv på Biri.
Handverkarar har byrja på arbeidet med ei totalrenovering av kjøpesenteret på Biri. Dei neste vekene vil det truleg bli brukt opp mot eit par millionar kroner på å pusse opp lokala.
Mange har spekulert i at Sektor Eiendomsutvikling truleg ikkje ville brukt så mykje penger viss dei ikkje var viss på at det ville kome nye leietakarar på Biri Senter.
Etter det NRK veit, dreier det seg truleg om ei ti års leigekontrakt.