Hopp til innhold

Nytt jordras i Sel

To familiar har vorte evakuert.

Nytt ras i Sel
Foto: Andreas Moen

Raset gjekk ved ein gard som ligg over byggjefeltet Dahle, ein kilometer vest for Otta. Det er to bustadhus på staden, og familiane som bur der har vorte evakuert.

Masse til midt på veggen

Lensmann i Sel Ragnar Andreassen er på staden, og seier til NRK at det eine bustadhuset har masse til midt på veggen, men at det er for tidleg å seie kor store skadene er.

- Raset er omlag ti meter breitt og 20-30 meter langt, seier Andreassen. Han seier at det foreløpig ikkje ser ut til at andre skal bli påverka av raset.

Årsaken til raset er høg grunnvasstand som tek nye vegar, samtidig som det er mykje snøsmelting.

- Så lenge bekken som renn forbi her ikkje tek med seg massane ser det ikkje ut til at korkje folk eller vegane i området blir påverka, seier lensmann Ragnar Andreassen.

Ras i Sel
Foto: Andreas Moen

Flere saker fra Innlandet