Hopp til innhold

Nye brefunn

Politiet i Lom har gjort fleire funn på Sandelvbreen. Under nye søk i går vart det funne eit gullfarga armbandsur for dame og eit gammalt nøkkelknippe.

Nye funn på breen
Foto: Vigdis Kroken/Fjuken

For tre veker sidan fann to brevandrarar levningar etter eit menneske på Sandelvbreen. I tillegg til knoklar vart det funne ein ryggsekk, vottar og restar av klede.

Lensmann i Lom, Steinar Angard, seier dei håper dei nye funna kan fortelja meir om kva dette er.

Kan gje spor

Gull armbandsur funne på breen
Foto: Vigdis Kroken/Fjuken

Kripos og IT-gruppa der er orientert om funna, og dei synest dette er interessant, seier Angard.

- Særleg interessant er damearmbandsuret av eldre modell. Vi håper det har registreringmerke, slik gamle ut ofte har, seier han.

Også nøkkelknippet kan gje spor.

- Det ser ut til å vera gamle nøklar til ein dørlås. Også det kan ha nummer eller liknande.

Les: Likfunn på bre i Lom



Flere saker fra Innlandet