Hopp til innhold

Ny runde i retten for Il Tempo Extra Gigante

Saka om berg- og dalbana til Hunderfossen Familiepark gjer ein ny loop i rettsapparatet når ankesaka startar i Eidsivating lagmannsrett i dag.

Il Tempo Extra Gigante

NY LOOP I RETTEN: I dag startar ankesaka om berg- og dalbana Il Tempo Extra Gigante

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Kven har opphavsretten til den kjende racerbilen Il Tempo Gigante? Det er spørsmålet lagmannsretten på Hamar skal bruke dei ni neste dagane til å finne ut av.

Er det Aukruststiftelsen som forvaltar arven etter Kjell Aukrust, mannen som både teikna og skreiv om bilen?

Eller er det Caprino Filmsenter som forvaltar arven etter Ivo Caprino, mannen som med hjelp av Bjarne Sandemose bygde bilen til kinosuksessen "Flåklypa Grand Prix" i 1975?

Caprino tapte i tingretten

Det var Caprino Filmcenter som saksøkte Hunderfossen Familiepark etter at parken i 2014 opna den nye berg- og dalbana, Il Tempo Extra Gigante.

Remo Caprino, som forvaltar arven etter far sin, meiner at den nye attraksjonen liknar for mykje på bilen faren bygde i 1975. Han meiner dermed at Hunderfossen Familiepark ikkje hadde lov til å bygge berg- og dalbana, utan at Caprino Filmsenter var involvert.

Remo Caprino, Il Tempo Gigante (filmbilen)

FILMBILEN: Remo Caprino med ein modell av bilen som vart brukt i filmen 'Flåklypa Grand Prix'.

Foto: Thor Henning Lerstad / NRK

Men i oktober i fjor slo Sør-Gudbrandsdal tingrett fast at Hunderfossen hadde lova på si side. For i følge dommen er det Aukruststiftelsen aleine som har opphavsretten til Il Tempo Gigante.

Og familieparken bygde berg- og dalbana i full forståing med Aukruststiftelsen.

Meiner dommen er feil

– Tingrettsdommen er feil, meiner Remo Caprino som står bak anka.

Han meiner å kunne bevise at universet rundt Reodor Felgen og "Flåklypa Grand Prix" vart skapt i eit kreativt fellesskap mellom Kjell Aukrust og filmskaparane i Caprino Filmcenter, ikkje av Kjell Aukrust aleine.

– På vegne av Bjarne Sandemose og pappa kan eg ikkje, hverken etisk, moralsk eller opphavsrettsleg, tillate at ein slik dom blir ståande. Dette til tross for dei store kostnadene dette fører med seg for Caprino Filmcenter.

Meiningslaus anke

Advokat for Hunderfossen, Aslak Runde, seier at saka står i akkurat same stilling no som i tingretten, sjølv om motparten har varsla ny bevisførsel og nye vitner.

Vi kan ikkje sjå at det nye materialet kastar nytt lys over saka. Mykje av det ligg heilt i ytterkanten av kva som er relevant for spørsmåla lagmannsretten skal ta stilling til.

Aslak Runde

ADVOKATEN: Aslak Runde er advokat for Hunderfossen Familiepark.

Foto: arne sørenes / nrk

Han legg til at for familieparken er saka både slitsom og kostbar.

– Saksomkostningane har kanskje blitt den største posten av alt. Så for oss framstår heile saka som litt meningslaus. Men ein må forhalde seg til anka, og gjennomføre dei dagane som er sett av.

Flere saker fra Innlandet