Hopp til innhold

Vil verne villrein mot moskusturistar

DOVRE (NRK): Dovrefjell er einaste staden i Noreg du kan sjå moskus. Det trekkjer tusenvis til nasjonalparken og gjer at villrein i området skygger unna. Nå har Statens naturoppsyn tråkka nye stiar, for å gje reinen fred.

Til kamp mot moskusturistane

Espen Rusten

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vi har hatt store forskingsprosjekt som viser at villrein toler litt forstyrring, men om ferdselen blir for stor, skygger han unna. Den terskelen har vi nå nådd på trafikken innover i Stroplsjødalen, fortel Arne Johs. Mortensen i Statens naturoppsyn.

I mange år har Statens naturoppsyn halde teljinga på kor mange som ferdast i området. Tala viser at rundt 10.000 moskusturistar går inn frå Kongsvoll kvart år.

Moskus

FOLK VIL SJÅ: Moskus trekk folk til Dovrefjell, nå må dei gå på moskusstiar for å ikkje forstyrre villrein.

Foto: Geir Ravnby

Vil verne sårbare område

Formålet med den nye moskusstien er å redusere den totale trafikken inn i Snøhetta-området. Samtidig som det er eit ynskje om å legge til rette for at turistane skal oppleve Dovrefjell og Sunndalsfjella

– Poenget er å legge opp ein ny sti som gjer at besøkjande kjem inn i nasjonalparken samtidig som dei ikkje kjem for langt inn i sårbare område, forklarar Mortensen.

Hestar har tråkka stien

Den nye stien går frå Kongsvold fjeldstue til Grønbakken. Traséen har vorte rydda med sag, og eit hestefølgje har gått opp stien.

Moskusstig: Langs løypa sett dei nå opp skilt som visar kor langt det er attende til start og kor la

NY MERKING: Langs løypa set dei nå opp skilt som viser kor langt det er attende til start og kor langt det er til neste stikryss.

Foto: Even Lusæter / NRK

Stien er på 14 kilometer, om ein går heile runden, men det finst fleire valmoglegheiter, og for dei som ikkje vil gå så langt. For å sjå moskusen, er den kortaste traséen på 2,4 kilometer.

– Vi vil halde fram teljinga for å sjå korleis stien påverkar ferdselen, og om den får den effekten vi ynskjer, seier Mortensen.

Flere saker fra Innlandet