- Den nye avisa skal komme ut ein gong i veka, og skal i fyrste omgang vere for Lillehammer med nært omegn, seier Øyvind Skurdal i Dølen på Vinstra.
Fortsatt bystoff i GD
Gudbrandsdølen Dagningen får dermed konkurranse på avismarknaden.
- Vi er og skal fortsette å vere "ultralokale" vi også. Leserane får avgjere om det er plass til enda ei avis på Lillehammer, seier Asbjørn Ringen, administrerande direktør i GD.
Kapital i botn
- Vi har erfaring med å starte avis, men er førebudd på å ikkje lukkas med i byrjinga. Difor har vi kapital i botn som skal vere med på å sikre drifta den fyrste tida, seier Skurdal.
Avisa skal vere på gata i mars, og avisa leiter nå etter dagleg leiar til avisa. Namnet på den nye trykksaken vert "Byavisa Lillehammer".