NRK Meny
Normal

Ny leiar ved Filmskolen

Danske Thomas Stenderup er tilsett som ny leiar for filmskolen ved høgskolen i Lillehammer.

Ny filmsjef ved Filmskolen, Thomas Stenderup

Thomas Stenderup

Foto: Stein Schinstad / NRK

Det vedtok høgskolestyret fredag.

Stenderup har vore med på over femti filmproduksjonar, og seier han nå har lyst til å prøve noko nytt.

- Dessutan er jo Filmskolen på Lillehammer allereie ein suksess, seier han.

Filmpris

Ein av filmane han har vore med på å laga, er "Kunsten å gråte", som fekk Nordisk Råds filmpris i 2007. Den var han produsent for. Ein annan er den høgst aktuelle "Maria Larssons evige øyeblikk", ein dansk-norsk-svensk-finsk-tysk produksjon, med Jan Troell som regissør.

Dette var noko av det beste skolen kunne fått tak i.

Det seier Claus Knudsen, som er professor ved fjernsynsavdelinga på høgskolen.

Stenderup tar over etter Malte Wadman, som har site som dekan sidan den norske filmskolen vart oppretta i 1997. Han har ingen planar om store og ville planar.

- Malte Wadman har gjort ein god jobb med å laga ein solid filmskole på berre 12 år, seier han.

Den nye filmskoleleiaren slår fast at han ikkje har nokon planar om å flytte skolen frå Lillehammer.

Einaste i sitt slag

Den norske filmskolen vart oppretta som ei eiga avdeling ved Høgskolen i Lillehammer i 1997 som ei kunstfagleg utdanning på høgskolenivå og gjev ei treårig film- og fjernsynsutdanning basert på teoretisk og praktisk undervisning.

Studiet er delt mellom fellesundervisning og linjeretta undervisning, fordelt på sju linjer: manus, regi, produksjon, foto, lyd, klipp og Production Design.

Studiet er det eineste i sitt slag i Norge, og det blir tatt opp inntil seks studentar på kvar linje. Opptak foregår annakvart år.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Jansrud taper hele veien

    Han leder med 24 hundredeler på andre mellomtid, men hundredelene er ikke på Jansruds side. Han er til slutt 89 hundredeler bak i mål.

    Se målgangen til Kjetil Jansrud her
  • Ber om strenge straffer

    Aktor Helge Eidsvaag mener cannabisplantasjene i Odalen var så proffe at han ber om lange straffer for de tiltalte. Ifølge Glåmdalen la Eidsvag ned påstand om straff på mellom snaut fire og drøyt fire år i fengsel for de fire, som har erkjent å ha tatt del i dyrkingen.

  • Rumenere siktet for 50 lovbrudd

    To menn som trolig sto bak tre innbrudd i Kongsvinger i fjor er tatt, skriver Glåmdalen. Framgangsmåten var lik flere innbrudd i drammensområdet og politiet der har varetektsfengsla og sikta to rumenere for 50 lovbrudd fra mai 2016 til novemner 2017.