Hopp til innhold

Gjøvik først ute med ny Lahlum-krim

GJØVIK (NRK) Litteraturinteresserte i Gjøvik fekk ein smakebit av den nye krimromanen til Hans Olav Lahlum.

Ny krim fra Hans Olav Lahlum

HAIMENNESKET: Hans Olav Lahlum lanserer ny krim på bibliotekt i Gjøvik.

Torsdag er det stor lanseringfest i Oslo, men alt onsdag kveld bokbada Lahlum i biblioteket i heimbyen.

"Haimennesket" er den sjuande romanen i serien om politiførstebetjent K2 og venninna Patricia. Som i dei tidlegare bøkene går det heile føre seg tidleg på 1970-talet, men no er handlinga flytta ut frå Oslo til ei avsidesliggjande øy ein stad langs sørlandskysten. Der skjer det fleire drap i løpet av 48 timar

Her er Lahlums beste krimtips

Bokbad i Gjøvik

Onsdag kveld vart Hans Olav Lahlum bokbada av Stina Håkensbakken Roland, som er kulturredaktør i Oppland Arbeiderblad. I litteraturhuset ved biblioteket i Gjøvik fortalde gjøvikforfattaren sine eigne om si siste bok som han håpar er enno meir intens enn dei tidlegare krimromanane han har skrive.

Torsdag held lanseringa fram med fleire arrangement i Oslo.

Flere saker fra Innlandet