Hopp til innhold

#nrkfjos: Sjå korleis mjølka di blir laga

SØR-FRON (NRK): Det blir mjølking, kalving, eting og skiting på direktesendt nett-tv når Hans Ulberg og Solveig (1) ber deg med inn i fjøset denne hausten.

Hans Ulberg og Solveig

Gardbrukar Hans Ulberg og dottera Solveig på 1 år opnar garden sin for alle denne hausten.

Foto: Reidar Kjæstad / NRK

– Det er litt skummelt, men samtidig føler eg eit ansvar for å syne fram korleis livet på ein gard faktisk er, seier gardbrukar Hans Ulberg.

Vi besøker han ein vakker dag i slutten av mai medan han slepp kyrne ut på beite for fyrste gong denne våren, og glad rauting og ville fråspark pregar garden.

Kyrne er lykkeleg uvitande om at dei skal bli nett-tv-stjerner, i ein slags rural versjon av Paradise hotel, når NRK skal overvake alt dei gjer.

29. august startar #nrkfjos, der NRK sender direkte frå fjøset på garden Ulberg i Sør-Fron i Gudbrandsdalen. Det blir direktesending i tolv døgn for å syne fram korleis mjølka du har i kjøleskåpet faktisk blir stelt til.

Usminka sanning

Kyrne på Ulberg held hus i eit moderne lausdriftsfjøs med robotmjølking. Det betyr at kyrne går laust rundt i fjøset, og sjølve bestemmer kva tid dei skal mjølkast. I sommarhalvåret kan kyrne også ta seg ein tur ut dersom dei ynskjer det.

I fjoset vil vi bli ekstra godt kjend med nokre av kyrne, og vi satsar også på å få med ei kalving eller to på direkten.

– De skal få sjå gardslivet på godt og vondt. Eg håpar vi får synt fram til folk flest korleis dagane våre er.

– Og dersom noko går gale, så går det rett ut på lufta og folk får sjå det. Kva tykkjer du om det?

– Vi kan ikkje leve i den illusjonen om at det ikkje kan skje uhell eller dukke opp sjukdom. Men vanlegvis går det bra, og eg håpar at vi også kan få synt fram nokre av fordelane det er ved å produsere mat her i landet i forhold til andre stader i verda.

Du kan også bidra med å tagge dine bilder av ku, fjøs eller andre ting med #nrkfjos. Vi startar drøvtygginga måndag 29. august klokka 10!

Kuer
Foto: Reidar Kjæstad / NRK

Flere saker fra Innlandet