Redaksjonssjef Karianne Stordal og musikkprodusent Terje Hong i NRK viser stolt fram den nye cd-en.
Innlandsmusikarane representerer mange ulike sjangrar, og dei kjem frå heile regionen.
Alle utøvarane har vore positive til å bidra til ein felles innlands-CD frå NRK.
Breidde og kvalitet
- Dette er eit viktig prosjekt for NRK, der målet er å vise fram breidda og kvaliteten i innlandsmusikken anno 2005.
Vi vil også sørgje for at lyttarane får sjanse til å oppleve denne musikken også utanom våre sendinger, seier redaksjonssjef Karianne Stordal og musikkprodusent Terje Hong på Lillehammer.
CD-en skal gjevast bort som premie til lyttarar, sjåarar og nettbrukarar som deltek i forskjellige NRK-opplegg i sommar.
Både velkjende og nye artistar
Lomsk, Lom
Odd R Antonsen Storband m Viggo Sandvik, Hamar/Gjøvik
Anne Nørdsti, Vang
Ole Ivars, Hamar
Håkon Rasmussen, Etnedal
Hæppy Skvett, Engerdal
Halvard Bjørkås, Hamar
Jutullaget, Vågå
Guren Hagen, Løten
Bjørn Magnus Raddum, Østre Toten/Bilitt
3 uker på ferie, Elverum
Lars Erik Ødegård, Lillehammer
Damenes aften, Hamar
Grete Storbæk Eriksen, Trysil/Trondheim
Ten4, Otta
Askerladden, Asker/Bagn/Hundorp
Annette Vedvik, Furnes
Whisper Blue, Lena
Watt 62, Trysil,
Så og si et orkester, Moelv
Fleire deltok i "Sommerlåt"
Nokre av utøvarane deltok i NRK Hedmark og Oppland si konkurranse "Sommerlåt" i fjor, mens andre har hatt med songar i musikk-konkurransen "Topp8."
"Topp 8" går kvar torsdag i formiddagssendinga på P1. "Sommerlåt" fekk stor respons i fjor; 52 bidrag vart sendt inn og fem gjekk til finalen. Lyttarane stemte fram ein vinnar.