Hopp til innhold

Norske kyr skal skape forsoning i Bosnia

Jusuf Arifagic frå Gjøvik overlevde interneringsleirar og etnisk rensing under krigen i Bosnia for 20 år sidan. No vil han at norske kyr skal bidra til både økonomisk vekst og forsoning på Balkan.

Han overlevde interneringsleirar og etnisk rensing då serbiske styrker angreip heimbyen hans i Bosnia i mai 1992. Etter 20 år i Norge vil den tidlegare flyktningen bidra til nye arbeidsplassar og utvikling i landet han vart tvinga til å reise frå. Det gjer han ved hjelp av norske kyr – nærare bestemt Norsk Rødt Fe..!»

Norske kyr på plass i Bosnia. Sjå tv-reportasjen frå NRK Laurdagsrevyen her


Det er like før jul, 2013. 96 kyr av rasa Norsk Rødt Fe legg ut på si livs reise frå Nortura sitt anlegg på Rudshøgda i Hedmark. Kyrne kjem frå ulike gardsbruk i Trøndelag, Hedmark, Oppland, Østfold og Telemark. No er dei på veg til Trnopolje i Bosnia-Herzegovina.

Jusuf Arifagic i det nye fjøset i Trnopolje

Jusuf Arifagic i det nye fjøset i Trnopolje

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Eg håpar dei kan bidra til å bygge opp landet og jordbruksproduksjonen, seier gardbrukar Knut Olav Thujord frå Fåvang i Gudbrandsdalen.

Tre av kvigene hans er med på lasset til Jusuf Arifagic sitt nybygde, moderne fjøs med plass til nesten 700 kyr. Til eit nytt liv, ei ny framtid.

Krigen i Bosnia

25. mai, 1992. Byen Kozarac i Prijedor kommune nordvest i Bosnia i det tidlegare Jugoslavia er under angrep. Tidlegare same år har serbiske politikarar, leia av Radovan Karadzic, oppretta ein eigen serbisk republikk i den nye staten Bosnia-Herzegovina. No krev dei at den i hovudsak muslimske befolkninga i Kozarac svergjer truskap til den nye serbiske republikken. Når innbyggjarane i Kozarac nektar, kjem granatene.

– I to eller tre dagar skaut dei på oss med tungt artilleri, seier Jusuf Arifagic.

Mange vart drepne på staden, enten av granater, eller av påfølgjande bakkestyrker.

Det Jusuf fortel, har både han og mange andre vitna om i den Internasjonale domstolen for forbrytelsar i det tidlegare Jugoslavia (ICMY) i Haag:

Innbyggjarane i Kozarac vart ført ut på hovudvegen. Der vart familiar skilde frå kvarandre. Kvinner og barn vart frakta i bussar til ein nyoppretta interneringsleir i Trnopolje, eit par kilometer utanfor sentrum av Kozarac. Menn og gutar over 15 år vart frakta til to andre leiar, litt lengre unna.

(Saken fortsetter under bildet)

Trnopolje, august 1992. Jusuf Arifagic er mannen bakerst til høgre på biletet.

Trnopolje, august 1992. Jusuf Arifagic er den høgaste mannen bakerst til høgre i biletet

Foto: NRK

Prøvde å flykte

Sjølv prøvde Arifagic å flykte opp i fjella, men vart tatt etter eit par dagar. Han vart ført til Omarska-leiren der han vart avhøyrt og torturert. Seinare kom han til Keraterm, der han var vitne til grove krigsforbrytelsar:

Jusuf Arifagic er tilbake ved piggtråden i interneringsleiren i Trnopolje.

Jusuf Arifagic er tilbake ved piggtråden i interneringsleiren i Trnopolje

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Det var drap nesten kvar dag.

Jusuf fortel lågmælt om det som skjedde. Ei natt vart om lag 350 menneske drepne då dei serbiske vaktene skaut med maskingevær inn i eit rom der mange var samla.

– Neste dag måtte vi samle saman dei døde kroppane og legge dei på ein lastebil. Då bilen køyrde, var asfalten raud av blod. Eg gløymer det aldri, seier Arifagic.

I august 1992 vart leirane oppdaga av eit engelsk tv-team. Bileta dei tok sjokkerte verda. Avmagra fangar bak piggtråd i det som minna om nye konsentrasjonsleirar på europeisk jord.

Jusuf Arifagic var akkurat overført frå Keraterm til Trnopolje då journalistane dukka opp. På bileta som vart vist på nyhetssendingar verda over, kan han skimtast i bakgrunnen.

– Den dagen fekk vi håpet tilbake, fortel han. Endeleg var det nokon som visste om oss, og vi byrja å tru at vi faktisk ville overleve.

(Saken fortsetter under bildet)

Ei av kvigene til Knut Olav Thujord legg ut på reisa frå Fåvang til Bosnia

Ei av kvigene til Knut Olav Thujord legg ut på reisa frå Fåvang til Bosnia

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Verdas største NRF-farm

Det er januar 2014 i Trnopolje. Jusuf Arifagic viser rundt i det 6600 kvadratmeter store fjøset som ligg like ved staden der fangeleiren ein gong låg. Her er alt nytt og moderne. Gummimatter på golvet, automatisk styring av lys og temperatur, avdempa musikk i høgtalarar på veggen. I løpet av 2015 håpar han å kunne bygge seks nye fjøs med ein kapasitet på tilsaman 5000 kyr.

– Det kan bli verdas største NRF-farm, ler Arifagic.

No er det 99 dyr i fjøset. Tre kalvar er komne til sidan dei 96 første kyrne kom frå Norge for ein drøy månad sidan.

– Den første gav vi namnet Bosnia, seier ein smilande Arifagic. Dei er på ein måte flyktningar i Bosnia. Det er ikkje så lett.

Investerer 20 millioner

Han veit kva han snakkar om. Jusuf Arifagic kom med kone og eit lite barn som FN-flyktning til Norge i desember 1992. Her vart dei plassert på asylmotak på Harastølen i Sogn og Fjordane.

– Det var ein tøff periode, minnest Jusuf. Men det var i alle fall trygt.

Etter to år kom den vesle familien til Toten, og no bur dei i Gjøvik. I Norge har Arifagic tent pengar mellom anna på utleige og kjøp og sal av eigedom.

No investerer han over 20 millionar kroner på å bygge opp ei bosnisk stamme Norsk Rødt Fe. Målet er å auke mjølke- og kjøttproduksjonen i heimlandet ved å innføre ei kurase som både har god helse og høg produksjon. Men han har også eit større mål med prosjektet.

Fjøset i Trnopolje med plass til nesten 700 kyr

Fjøset i Trnopolje med plass til nesten 700 kyr

Foto: Arne Sørenes / NRK

Jobbe saman

– Eg vil tilby arbeidsplassar på tvers av dei etniske og religiøse skillelinjene, seier Jusuf.

For framleis er mistrua sterk mellom dei ulike etniske og religiøse gruppene i denne delen av Bosnia. Berre i Prijedor kommune der Kozarac ligg er 5200 menneske rapportert drept eller sakna etter krigen som krevde over 55 000 sivile liv i heile Bosnia-Herzegovina.

Viljen til forsoning har vore liten frå dei serbiske styresmaktene i fylket som framleis ber namnet Republika Srbska. Og det er få arbeidsplassar på tvers av folkegruppene.

På garden til Jusuf er det i dag 25 tilsette. Bosniske muslimar, kroatar, ukrainarar og serberar. Jusuf Arifagic håpar å kunne få langt fleire i arbeid.

– Det er veldig viktig no å vise at vi kan jobbe og leve saman. Vi har ingen problem med kvarandre, og vi vil berre halde fram med å byggje Bosnia og nye arbeidsplassar. Det er det som er framtida vår, seier Jusuf Arifagic.

Jusuf Arifagic saman med nokre av dei 25 arbeidarane på garden

Jusuf Arifagic saman med nokre av dei 25 arbeidarane på garden i Trnopolje

Foto: Arne Sørenes / NRK

Flere saker fra Innlandet