Lyden frå villreinflokkane kan framleis høyrast i fjella i Nord-Gudbrandsdalen. I meir enn 10 000 år har reinen levd der, og var livsgrunnlaget for dei fyrste menneska som kom til området.
Det viser spora etter ein svært omfattande fangstkultur.
Gamal dyregrav på Hjerkinn på Dovrefjell. (Foto:NRK)
I heile området er det fangstanlegg i tusental, fangstgroper på rekkje og rad og massefangstanlegg med ledegjerder og fangstbåsar. Dei var i flittig bruk frå like etter Kristi fødsel og 1200 - 1500 år framover.
Vitamininnsprøytning
Fangstanlegga viser kor viktig reinen har vore opp gjennom tidene.
Nå satsar Nord-Gudbrandsdalen tungt på den gamle fangstkulturen i regionen.
I eitt år er det arbeidd med eit prosjekt som kan bli ei kraftig vitamininnsprøyting for heile området, men fyrst og fremst for reiselivet.
Berre 5 i Norge frå før
Målet er å få dei unike fangstanlegga for rein inn på Unesco si verdsarvliste. Det vil bety at anlegga får status som dei viktigaste i sitt slag i verda.
I Norge har berre fem stader fått slik vernestatus, deriblant Bergstaden Røros og Bryggen i Bergen.
Nord-Gudbrandsdalen satsar på å koma etter om nokre år.
Arkeolog: - Unike fangstanlegg
Jon Olsen er arkeolog og prosjektleiar. Han har arbeidd med å underbygge søknaden til Unesco. Han meiner at fangstanlegga i Nord-Gudbrandsdalen er unike.
- Dette er kulturminne og ei historie som har betydd veldig mykje gjennom lang tid. Norge, som har mange, godt bevara anlegg og stor variasjon i type anlegg, bør ta eit særskilt ansvar for å bevare desse for etterslekta, seier Olsen.
Mange av fangstanlegga er svært tilgjengelege og med større fokus på desse kulturminna vil interessa blant folk flest bli vekt.
Jon Olsen meiner det er gode sjansar for at fangstanlegga i Nord-Gudbrandsdalen skal få plass blant dei viktigaste fornminna i verda.
Langt fram i tid
Men det er eit langt lerret å bleike, kanskje 6 - 7 år, men grunnlaget er nå lagt gjennom det prosjektet som er gjennomført. Den fyrste utfordringa nå blir å koma på Norge si forslagsliste før året er omme.
Lesjaordførar og leiar i regionrådet for Nord-Gudbrandsdalen, Per Dag Hole, meiner dette prosjektet har potensiale til å skape vekst i regionen dersom dei lykkast.
- Vi håpar at den profilering regionen nå vil få, vil gje oss sjansen til å marknadsføre og synleggjera våre verdiar og vår historie på ein slik måte at interessa totalt sett vil auke, seier ordføraren.