Hopp til innhold

Nora med ny låt til Stjernekampfinalen

Nora Foss Al-Jabri frå Gjøvik har med seg ein heilt ny låt til finalen i Stjernekamp i morgon kveld. Den skal ut som singel så snart finalen er over.

Created by InfoDispatcher

FOKUSERT: Nora Foss Al-Jabri er snart klar for finalen i Stjernekamp. Sjå korleis ho førebur seg her. Video: Arne Sørenes

Berlin Wall heiter den nye låta, som er skriven av svenske Karin Park. 18 år gamle Nora gler seg til å framføre den for aller fyrste gong under det direktesendte finaleshowet på NRK1 i morgon kveld.

Det er ein heilt ny song som ingen har høyrt før. Det blir veldig spennande, men kanskje litt skremmande også, seier Nora til NRK.

På photoshoot

Vi er med Nora på såkalla photoshoot i Drammen. Bilder som skal pryde coveret til den nye låta må på plass før finalen går av stabelen. Manager Daniel Hamnes har kontroll på det meste, og Nora går frå frisørstol til sminkestol før alt er klart.

-Sånn er det, seier Nora, når ein vel å leve eit slikt liv.

Det har gått i høgt tempo dei ti vekene Stjernekamp har pågått, men Nora understreker at det har vore ei stor oppleving.

Eg har møtt så mange fantastiske menneske, og lært utruleg mykje. Eg har verkeleg ikkje lyst til at det her skal slutte. Det kan godt vare i fem veker til, smiler Nora.

Nora på photoshoot

COVERBILDE: Nora på photoshoot i Drammen.

Foto: arne sørenes / nrk

Fest i Gjøvik

I Gjøvik blir det stor fest i den største kinosalen i kulturhuset under finalen i Stjernekamp. Der blir det visning på stort lerret og ikkje minst god lyd. Arrangementsansvarleg Marte Skoglund har plass til over 500 personar, og håpar på fullt hus.

Vi vil først og fremst at folk skal få oppleve dette saman. Nora er ein fantastisk ambassadør for byen vår, og no skal vi gjere vårt for å heie henne fram. Det blir gratis inngong, så no må folk gå mann av huse!

Nora blir nesten mållaus når manageren fortel henne om initiativet frå Gjøvik.

–Du tullar med meg no, er alt ho får fram.

Men ho er utruleg glad for støtta ho får frå heimkommunen:

-Eg føler at eg har Gjøvik med meg, og det er ei kjempedeilig kjensle.

LES OGSÅ: Se Nora Foss Al-Jabri som 11-åring

Nora øver før Stjernekamp

GJER SEG KLAR: Nora på øvingshotellet i Oslo saman med tv-teamet frå Stjernekamp.

Foto: arne sørenes / nrk

Forkjøla

Men ein liten forkjølelese kan kanskje skape trøbbel for Nora i finalen. Då NRK var med på ei av dei siste øvingane før generalprøva, måtte Nora avbryte midt i songen.

-Sorry, altså, men stemma mi er øydelagt no. Eg har ikkje kontroll over den lenger.

Nora var tydeleg frustrert, men då vi fekk snakka med henne litt seinare, var ho raskt med å få fram at det ikkje er grunn til uro:

Neida, eg er ikkje bekymra. Stemma mi byrjar å bli litt brukt, men dette går bra. Dette får eg til.

Finalen i Stjernekamp går direkte på NRK1 laurdag kl 1955.

Flere saker fra Innlandet