Hopp til innhold

Vil felle ulv som lever innanfor ulvesona - det har ikkje skjedd før

Rovviltnemndene ville felle til saman tre ulverevir innanfor ulvesona. Regjeringa går imot og tek ut berre ein flokk, mens dei to andre får leve.

Sjå pressekonferanse med regjeringa med klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V), landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp) og Bent Høie (H).

Søndag kunne NRK avsløre at regjeringa seier nei til felling av to flokkar i ulvesona.

På pressekonferansa måndag bekrefta klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) det NRK publiserte søndag.

– Lovens strenge vilkår for felling av ulv er oppfylt for eitt revir, og vi finn berre heimel for å felle Slettås-flokken, seier Elvestuen.

Det betyr at klagebehandlinga har vorte teke delvis til følge, og regjeringa har bestemt at to av dei tre flokkane innanfor ulvesona som rovviltnemndene ville felle, likevel får leve.

Klima- og miljøministeren grunngjev fellinga av Slettås-flokken med at konfliktnivået der er større enn hjå dei to andre.

PK om lisensfelling av ulv

PRESSEKONFERANSE: Ola Elvestuen(t.v), Bent Høie og Bård Hoksrud(t.h) informerte om at ein av tre flokkar innanfor ulvesona skal fellast.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Vi finn berre heimel i naturvernloven til å felle Slettås-flokken. Det er fordi konfliktnivået der har vart lenger enn i dei to andre flokkane, seier Elvestuen og viser til paragraf 18c i naturmangfaldlova.

Flokkane det gjeld er Mangen-reviret i Akershus og Hedmark, Slettås-flokken i Hedmark og Hobøl-flokken i Østfold.

Stor usemje

Denne klagesaksbehandlinga fører som venta til stor usemje. På den eine sida betyr dette at det er fyrste gong ein feller ein ulveflokk som berre lever innanfor ulvesona. Det får leiar naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg til å reagere.

Naturvernforbundet.

SÆRS ALVORLEG: Silje Ask Lundberg reagerer på at regjeringa for fyrste gong vil felle ulv innanfor ulvesona.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det er svært alvorleg at regjeringa gjev etter for dette. Ulvesona vart laga for å gje beskyttelse til ulven. Når dei går til jakt på ein kritisk trua art inne i ulvesona, blir det klart for heile verda at Noreg ikkje tek vare på sitt mest utryddingstrua pattedyr.

I Trysil er stemninga meir positiv, men også der er det misnøye.

– Dette er sjølvsagt veldig bra, men det skulle vore gjort for veldig lenge sidan, seier ordførar i Trysil Erik Sletten (Sp).

Erik Sletten

SKUFFA: Ordførar i Trysil, Erik Sletten, meiner at uttaket av ulv er altfor lite.

Foto: Grete Myrvold Rydje

Han får støtte frå sin eigen partileiar som meiner vedtaket er eit hån mot folk, og at ulvebestanden no kjem til å auke meir.

– Dette er stikk i strid med rovdyrforliket. Ulvebestanden har auka kraftig dei siste åra. No kjem han til å auke enda meir, seier Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

– Rovviltnemndene har gjeve si anbefaling, mens 150 ordførarar har gjeve beskjed om at no er det nok. Dei krev at rovdyrforliket blir følgt opp. Meir tydeleg kan det ikkje bli.

Regjeringa er klageinstans

Sidan bestandsmålet for ulv er oppnådd, er det i utgangspunktet regionale nemnder som bestemmer kor mange ulv som kan skytast. Men lisenskvotane kan klagast, og da er det departementet som får det siste ordet.

Når det gjeld dei 26 ulvane rovviltnemndene ville skyte utanfor ulvesona, vart ingen av klagane teke til følge.

For ulven innanfor ulvesona startar jakta etter nyttår.

No avlyser altså departementet jakta på to av dei tre revira nemndene ville felle.

Da Miljødirektoratet vurderte korleis lisensfellingskvotane ville virke inn på ulvebestanden, konkluderte dei med at bestandsmålet sannsynlegvis «kan nåast i 2019 sjølv om tre ulveflokkar innanfor ulvesona takast ut i løpet av lisensfellinga»

Likevel seier departementet nei.

En voksen hannulv uler.
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix