Gjøvikgutten Marius Kristiansen er ein av 20 spelarar på Raufoss gutelag. Dei ambisiøse 15-åringane blir trena av Morten Pettersen, og laget har markert seg som eit av landets ti beste lag i denne aldersgruppa. For å bli enda betre ber trenaren nå skolen om samarbeid.
Gym i første time
Og Raufoss ungdomsskole er positive.
- Vi legg gymtimane først på dagen og ser fram til samarbeidet med fotballklubben, seier gymlærer Bjørn Haugne som også er hjelpetrenar for A-laget.
Marius er også med på fotballaget, men han går på skole i Gjøvik. Foreldra hans har søkt om fri kvar halve onsdag for å få vera med lagkameratane på Raufoss. Men dei kan rekne med avslag på denne søknaden.
Skole først
Skolesjef i Gjøvik, Svenn Erik Nilsen, er klar i sin tale. Han seier skolen skal ha førsteprioritet.
- Idrettslag skal ikkje leggje opp trening slik at det konkurrerer med skole, meiner Nilsen.
Dermed må Marius nøye seg med trening på kveldstid.
- Vil stå på
Far til Marius, og hjelpetrenar, Kai Kristiansen seier idrettslaget ikkje vil gje seg så lett.
- Vi har mindre trening enn lag vi samaliknar oss med, så det er heilt nødvendig å trene meir, seier Kristiansen. Han seier det kun er snakk om éin time, og meiner skulesjefen bør snu.
- Elevane blir snarare flinkare på skulen, fordi dei nå blir tvinga til å organisere fritida si betre, hevdar Kristiansen. Han avviser at meir fotballtrening fører til mindre skulearbeid.