Hopp til innhold

Nei til fellingsløyve

Beitelaga i Tolga og Tynset får ikkje utvida skadefellingsløyvet sitt på bjørn. Det bestemte Fylkesmannens miljøvernavdeling i dag.

bjørn
Foto: PER LØCHEN / Scanpix

Kristine Schneede i miljøvernavdelinga seier dei ikkje lenger oppfattar situasjonen som akutt, og at det derfor ikkje er grunnlag for å utvide løyvet.

Ho avviser at dei har heva for terskelen for å gje skadefellingsløyve etter at det berre er ein bjørn att på årets kvote.

- Nei, denne type vurdering er rein rutine, seier Schneede.

Førre veke fekk Fylkesmannen rapportert inn skadar på åtte sauer i Hedmark.

Flere saker fra Innlandet