NSB har bestemt at nattoga på Dovrebanen skal leggast ned, men i forslaget til statsbudsjett vil regjeringa oppretthalde tilbodet neste år.
Men samstundes foreslår regjeringa at dagtoga på Dovrebanen blir drive på kommersiell basis utan statlege midlar.
Mindre til distrikta
Regjeringa vil bruke mindre pengar på togstrekningar i distrikta, og meir pengar på tog i områder der det bur mykje folk.
I forslaget til statsbudsjett for 2005 seier regjeringa at dei vil betre intercitytoga mellom Lillehammer, Oslo og Skien.
Auka kapasitet
Trafikkavviklinga på Kongsvingerbana skal bli betre, dersom regjeringa for fleirtal for det i statsbudsjettet.
Regjeringa foreslår å fullføre arbeidet med kryssningssporet ved Roven neste år. Det skal gje auka kapasitet, og meir fleksibel trafikkavvikling på Kongsvingerbana.
Regjeringa foreslår å bruke tilsaman 50 millionar kroner for å betre gods- og persontrafikken på jernbana i Hedmark.
Tryggare
Gjøvikbana og Raumabana blir tryggare neste år. I alle fall dersom regjeringa får det som ho vil.
Den nye GSM-R-togradioen blir montert på togstrekningane, slik at det blir sikker kommunikasjon mellom togleiarane og toga.
Frå før er det kjent at Rørosbanen tek i bruk gsmr-systemet.